Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 82
Psal NorSMB 82:1  Ein salme av Asaf. Gud stend i Guds samling; midt imillom gudar held han dom:
Psal NorSMB 82:2  «Kor lenge vil de døma rangt og halda med dei ugudlege? Sela.
Psal NorSMB 82:3  Døm den ringe og farlause! Lat armingen og den fatige få sin rett!
Psal NorSMB 82:4  Berga den ringe og fatige, frels han frå handi åt dei ugudlege!
Psal NorSMB 82:5  Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollar til jordi ruggar.
Psal NorSMB 82:6  Eg hev sagt: «De er gudar, søner til den Høgste er de alle.»
Psal NorSMB 82:7  Men sanneleg, som menneskje skal de døy, og som ein av hovdingarne skal de falla.»
Psal NorSMB 82:8  Statt upp, Gud, haldt dom yver jordi! For du eig alle heidningar.