Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 28
Psal NorSMB 28:1  Av David. @Til deg, Herre, ropar eg: mitt berg, ver ikkje tagall imot meg, so eg ikkje, når du tegjer til meg, skal verta lik deim som fer ned i gravi!
Psal NorSMB 28:2  Høyr røysti av mine audmjuke bøner, når eg ropar til deg, når eg lyfter mine hender til din heilage høgkor.
Psal NorSMB 28:3  Riv meg ikkje burt med dei ugudlege og med ugjerningsmenner, dei som talar um fred med sin næste, men med vondt i sitt hjarta.
Psal NorSMB 28:4  Gjev deim etter deira gjerning og etter vondskapen i deira verk! Gjev deim etter det deira hender hev gjort, løn deim som dei hev fortent!
Psal NorSMB 28:5  For dei legg ikkje merke til Herrens gjerningar eller til verket av hans hender; han vil riva deim ned og ikkje byggja deim upp.
Psal NorSMB 28:6  Lova vere Herren, for han hev høyrt røysti av mine audmjuke bøner!
Psal NorSMB 28:7  Herren er min styrke og min skjold; på honom leit mitt hjarta, og eg fekk hjelp. Difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa honom med min song.
Psal NorSMB 28:8  Herren er styrke for sitt folk, og ei vern til frelsa for den han hev salva.
Psal NorSMB 28:9  Frels ditt folk og velsigna din arv, og fød deim og ber deim til æveleg tid!