Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 132
Psal NorSMB 132:1  Ein song til høgtidsferderne. Herre, kom i hug for David all hans møda!
Psal NorSMB 132:3  «Ikkje gjeng eg inn i mitt heimetjeld, ikkje stig eg upp på lega i mi seng,
Psal NorSMB 132:4  ikkje unner eg augo svevn, ikkje augneloki ein blund,
Psal NorSMB 132:5  fyrr eg finn ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs velduge.»
Psal NorSMB 132:6  Sjå, me høyrde um henne i Efrata, so fann me henne i skogbygdi.
Psal NorSMB 132:7  Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel!
Psal NorSMB 132:8  Statt upp, Herre, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista!
Psal NorSMB 132:9  Prestarne dine klæde seg i rettferd, og dine trugne ropa med fagnad!
Psal NorSMB 132:10  For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva!
Psal NorSMB 132:11  Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: «Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol.
Psal NorSMB 132:12  Dersom dine søner held mi pakt og mine vitnemål som eg skal læra deim, so skal og deira søner æveleg og alltid sitja på din kongsstol.»
Psal NorSMB 132:13  For Herren hev valt seg Sion, han ynskte det til sin bustad:
Psal NorSMB 132:14  «Dette er min kvilestad for all tid, her vil eg bu, for det hev eg ynskt.
Psal NorSMB 132:15  Maten her vil eg rikleg signa, dei fatige vil eg metta med brød,
Psal NorSMB 132:16  og prestarne vil eg klæda med frelsa, og dei gudlege skal ropa høgt av fagnad.
Psal NorSMB 132:17  Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, der hev eg stelt til ei lampa for den eg hev salva.
Psal NorSMB 132:18  Hans fiendar vil eg klæda med skam, men yver honom skal hans kruna stråla.»