Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 76
Psal NorSMB 76:1  Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av Asaf, ein song.
Psal NorSMB 76:2  Gud er kjend i Juda, i Israel er hans namn stort.
Psal NorSMB 76:3  Han bygde si hytta i Salem og sin bustad på Sion.
Psal NorSMB 76:4  Der braut han sund ljoni frå bogen, skjold og sverd og ufred. Sela.
Psal NorSMB 76:6  Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra, dei søv sin svevn, og ingen av kjemporne fann sine hender.
Psal NorSMB 76:7  Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde.
Psal NorSMB 76:8  Du - skræmeleg er du, og kven kann standa for di åsyn når du vert vreid?
Psal NorSMB 76:9  Frå himmelen let du høyrast dom; jordi ræddast og vart still
Psal NorSMB 76:10  då Gud stod upp til dom, til å frelsa alle spaklyndte på jordi. Sela.
Psal NorSMB 76:11  For manne-harm må prisa deg, med endå større harm gyrder du deg.
Psal NorSMB 76:12  Gjer lovnad og haldt det de lova til Herren, dykkar Gud! Alle kring honom skal føra gåvor til den skræmelege. Han staggar stormodet hjå hovdingar, han er skræmeleg for kongarne på jordi.