Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 109
Psal NorSMB 109:1  Til songmeisteren; av David, ein salme. Min lovsongs Gud, teg ikkje!
Psal NorSMB 109:2  For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga.
Psal NorSMB 109:3  Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak.
Psal NorSMB 109:4  Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed,
Psal NorSMB 109:5  dei hev lagt vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik.
Psal NorSMB 109:6  Set ein ugudleg yver honom, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand!
Psal NorSMB 109:7  Når han vert dømd, lat honom ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd!
Psal NorSMB 109:8  Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embætte!
Psal NorSMB 109:9  Lat hans born verta farlause og kona hans enkja!
Psal NorSMB 109:10  Lat hans born flakka ikring og beda seg, lat deim ganga som tiggarar frå sin øydelagde heim!
Psal NorSMB 109:11  Lat okerkallen leggja snara um all hans eigedom, og framande plundra hans avling!
Psal NorSMB 109:12  Lat ingen finnast som hyser miskunn imot honom, og ingen som ynkast yver hans farlause born!
Psal NorSMB 109:13  Lat hans etterkomarar ganga til grunnar og deira namn verta utstroke i næste ættled!
Psal NorSMB 109:14  Hans fedra skuld vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki!
Psal NorSMB 109:15  Dei vere alltid for Herrens åsyn, og han rydje deira minne ut av jordi,
Psal NorSMB 109:16  av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein arm og fatig mann, og ein hjarteskræmd og vilde drepa honom.
Psal NorSMB 109:17  Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom.
Psal NorSMB 109:18  Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein.
Psal NorSMB 109:19  Lat henne verta honom til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg!
Psal NorSMB 109:20  Dette vere løni frå Herren åt mine motstandarar, og åt deim som talar vondt imot mi sjæl!
Psal NorSMB 109:21  Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld, etter som di miskunn er god, so berga meg!
Psal NorSMB 109:22  For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg.
Psal NorSMB 109:23  Som ein skugge når han lengjest, kverv eg burt, eg vert jaga burt som ein grashopp.
Psal NorSMB 109:24  Mine kne er ustøde av fasta, og holdet mitt misser feita.
Psal NorSMB 109:25  Og eg hev vorte til spott for deim; når dei ser meg, rister dei på hovudet.
Psal NorSMB 109:26  Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn!
Psal NorSMB 109:27  so dei må kjenna, at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det.
Psal NorSMB 109:28  Dei forbannar, men du velsignar, dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg.
Psal NorSMB 109:29  Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa.
Psal NorSMB 109:30  Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova honom.
Psal NorSMB 109:31  For han stend på høgre sida åt den fatige til å frelsa honom frå deim som dømer hans sjæl.