Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 48
Psal NorSMB 48:2  Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.
Psal NorSMB 48:3  Fager i si høgd, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, staden til den store kongen.
Psal NorSMB 48:5  For sjå, kongarne kom saman og drog fram i lag.
Psal NorSMB 48:6  Dei såg - so vart dei forfærde, dei vart vitskræmde, flydde i bråhast.
Psal NorSMB 48:7  Ein skjelv greip deim der, ei bivring som hjå ei barnsjuk kvinna.
Psal NorSMB 48:9  Liksom me hev høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers drotts by, i vår Guds by, Gud gjer honom fast til æveleg tid. Sela.
Psal NorSMB 48:10  Me grundar på din nåde, Gud, midt i ditt tempel.
Psal NorSMB 48:11  Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endarne av jordi; di høgre hand er full av rettferd.
Psal NorSMB 48:12  Sionsfjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar.
Psal NorSMB 48:13  Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn!
Psal NorSMB 48:14  Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar hallar, so de kann fortelja um det til den komande ætt. For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.