Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 95
Psal NorSMB 95:1  Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg!
Psal NorSMB 95:2  Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar!
Psal NorSMB 95:3  For ein stor Gud er Herren og ein stor konge yver alle gudar,
Psal NorSMB 95:4  han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig topparne av fjelli.
Psal NorSMB 95:5  Han eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga.
Psal NorSMB 95:6  Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar!
Psal NorSMB 95:7  For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag!
Psal NorSMB 95:8  Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki,
Psal NorSMB 95:9  der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning.
Psal NorSMB 95:10  I fyrti år var eg leid av den ætti, og eg sagde: «Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegarne mine.»
Psal NorSMB 95:11  So svor eg i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»