Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 120
Psal NorSMB 120:1  Ein song til høgtidsferderne. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.
Psal NorSMB 120:2  Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga!
Psal NorSMB 120:3  Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga?
Psal NorSMB 120:4  Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska.
Psal NorSMB 120:5  Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld!
Psal NorSMB 120:6  Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred.
Psal NorSMB 120:7  Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.