Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 107
Psal NorSMB 107:1  Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
Psal NorSMB 107:2  So segjer Herrens utløyste, som han hev løyst ut or naudi,
Psal NorSMB 107:3  som han hev sanka i hop frå landi, frå aust og frå vest, frå nord og frå havet.
Psal NorSMB 107:4  Dei for vilt i øydemarki, i vegløysa, dei fann ingen by til å bu i.
Psal NorSMB 107:5  Hungrige og tyrste var dei, deira sjæl vanmegtast i deim.
Psal NorSMB 107:6  Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor fria han deim ut,
Psal NorSMB 107:7  og han førde deim på rett veg, so dei gjekk til ein by dei kunde bu i.
Psal NorSMB 107:8  Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni,
Psal NorSMB 107:9  for han metta den tyrste sjæl, og den hungrige sjæl fyllte han med godt.
Psal NorSMB 107:10  Dei sat i myrker og daudeskugge, bundne i stakarsdom og jarn,
Psal NorSMB 107:11  av di dei hadde tråssa mot Guds ord og vanvyrdt råderne frå den Høgste.
Psal NorSMB 107:12  Og han bøygde deira hjarto med liding, dei snåva, og der var ingen hjelpar.
Psal NorSMB 107:13  Då ropa dei til Herren i si naud, frå deira trengslor frelste han deim.
Psal NorSMB 107:14  Han førde deim ut or myrker og daudeskugge, og deira band reiv han sund.
Psal NorSMB 107:15  Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni;
Psal NorSMB 107:16  for han krasa koparportar og hogg sund jarnbommar.
Psal NorSMB 107:17  Dårar var dei for sin brotsveg, og for sine misgjerningar vart dei plåga.
Psal NorSMB 107:18  Deira sjæl vart leid av all mat, og dei kom nær til daudens portar.
Psal NorSMB 107:19  Då ropa dei til Herren i si naud; frå deira trengslor frelste han deim.
Psal NorSMB 107:20  Han sende sitt ord og lækte deim og berga deim frå deira graver.
Psal NorSMB 107:21  Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni
Psal NorSMB 107:22  og ofra takkoffer og fortelja um hans verk med fagnad.
Psal NorSMB 107:23  Dei som for ut på havet med skip, og som dreiv handel på dei store vatni,
Psal NorSMB 107:24  dei såg Herrens gjerningar og hans underverk på djupet.
Psal NorSMB 107:25  Han tala og let det koma ein stormvind, og denne reiste havsens bylgjor.
Psal NorSMB 107:26  Dei for upp imot himmelen, dei for ned i djupi, deira sjæl miste modet i ulukka.
Psal NorSMB 107:27  Dei raga og tumla som drukne, og all deira visdom vart til inkjes.
Psal NorSMB 107:28  Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor førde han deim ut.
Psal NorSMB 107:29  Han let storm verta til stilla, og bylgjorne kringum deim tagna.
Psal NorSMB 107:30  Og dei vart glade då dei lagde seg, og han førde deim til den hamni dei ynskte.
Psal NorSMB 107:31  Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni
Psal NorSMB 107:32  og høglova honom i folkesamling og lovsyngja honom der dei gamle sit saman.
Psal NorSMB 107:33  Han gjorde elvar til ei øydemark og vatskjeldor til eit turrlende,
Psal NorSMB 107:34  fruktsamt land til ei saltheid, for deira vondskap skuld, som budde der.
Psal NorSMB 107:35  Han gjorde øydemark til innsjø og turrlende til vatskjeldor.
Psal NorSMB 107:36  Og han let hungrige bu der, og dei bygde ein by til å bu i.
Psal NorSMB 107:37  Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk grøda til å hausta.
Psal NorSMB 107:38  Og han velsigna deim, og dei auka mykje, og av fe gav han deim ikkje lite.
Psal NorSMB 107:39  So minka dei att og vart nedbøygde av trykk og trengsla og sorg.
Psal NorSMB 107:40  Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let deim villast i veglaus øydemark,
Psal NorSMB 107:41  han lyfte upp den fatige or vesaldomen og auka ætterne som ei hjord.
Psal NorSMB 107:42  Dei ærlege ser det og gled seg, og all vondskap let att sin munn.
Psal NorSMB 107:43  Den som er vis, han gjeve gaum etter dette, og dei må merke Herrens nådegjerningar.