Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 23
Psal NorSMB 23:1  Ein salme av David. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.
Psal NorSMB 23:2  Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila.
Psal NorSMB 23:3  Han kveikjer mi sjæl, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.
Psal NorSMB 23:4  Endå um eg gjeng i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg.
Psal NorSMB 23:5  Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup.
Psal NorSMB 23:6  Berre lukka og miskunn skal fylgja meg alle mine livdagar, og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd.