Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 78
Psal NorSMB 78:1  Ein song til lærdom av Asaf. Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar!
Psal NorSMB 78:2  Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamall tid strøyma ut.
Psal NorSMB 78:3  Det me hev høyrt og veit, og det våre feder hev fortalt oss,
Psal NorSMB 78:4  det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og hans under, som han hev gjort.
Psal NorSMB 78:5  Han hev sett upp eit vitnemål i Jakob, og ei lov hev han lagt i Israel, som han baud våre feder, til å kunngjera deim for borni,
Psal NorSMB 78:6  so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna deim, at dei kunde koma fram og fortelja um deim til sine born,
Psal NorSMB 78:7  og setja si von til Gud, og ikkje gløyma Guds verk, men taka vare på hans bodord,
Psal NorSMB 78:8  og ikkje vera som deira feder, ei tver og tråssug ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud.
Psal NorSMB 78:9  Efraims born, dei væpna bogeskyttarar, dei snudde på stridsdagen.
Psal NorSMB 78:10  Dei heldt ikkje Guds pakt og vilde ikkje ferdast i hans lov.
Psal NorSMB 78:11  Og dei gløymde hans storverk og hans under som han hadde synt deim.
Psal NorSMB 78:12  For deira feder hadde han gjort under i Egyptarlandet på Soans mark.
Psal NorSMB 78:13  Han kløyvde havet og let deim ganga igjenom, og let vatnet standa som ein haug.
Psal NorSMB 78:14  Og han leidde deim med skyi um dagen, og heile natti ved elds ljos.
Psal NorSMB 78:15  Han kløyvde berg i øydemarki og let deim drikka som av store vatsdjup.
Psal NorSMB 78:16  Og han let bekkjer koma or fjellet og fekk vatn til å renna ned som elvar.
Psal NorSMB 78:17  Men dei heldt endå på og synda imot honom, og var tråssuge mot den Høgste i øydemarki.
Psal NorSMB 78:18  Og dei freista Gud i sitt hjarta, so dei kravde mat for si lyst.
Psal NorSMB 78:19  Og dei tala imot Gud, dei sagde: «Kann vel Gud duka bord i øydemarki?
Psal NorSMB 78:20  Sjå, han slo i berg, so vatn rann ut, og bekkjer fløymde. Tru han og kann gjeva brød, eller koma med kjøt til sitt folk?»
Psal NorSMB 78:21  Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga upp mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel;
Psal NorSMB 78:22  for dei trudde ikkje på Gud og leit ikkje på hans frelsa.
Psal NorSMB 78:23  Og han gav skyerne ovantil, og himmelportarne let han upp.
Psal NorSMB 78:24  Og han let manna regna yver deim til føda, og himmelkorn gav han deim.
Psal NorSMB 78:25  Englebrød fekk menneskje eta, nista sende han deim til mette.
Psal NorSMB 78:26  Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si magt.
Psal NorSMB 78:27  Og han let kjøt regna yver deim som dust, og fljugande fuglar som havsens sand,
Psal NorSMB 78:28  og han let deim falla ned midt i deira læger, kringum deira bustader.
Psal NorSMB 78:29  Og dei åt og vart ovleg mette, og det dei hadde hug på, let han deim få.
Psal NorSMB 78:30  Dei var ikkje komne burt frå si lyst, endå hadde dei maten i munnen,
Psal NorSMB 78:31  då steig Guds vreide upp imot deim, og han drap deira sterke menner hjå deim, og Israels ungdomar slo han ned.
Psal NorSMB 78:32  Med alt dette synda dei endå, og dei trudde ikkje på hans under.
Psal NorSMB 78:33  Og han let deira dagar kverva i fåfengd, og deira år i rædsla.
Psal NorSMB 78:34  Når han slo deim ned, då spurde dei etter honom, og vende um og søkte Gud,
Psal NorSMB 78:35  og kom i hug at Gud var deira berg og den høgste Gud var deira atterløysar.
Psal NorSMB 78:36  Men dei gjølte for honom med sin munn, og laug for honom med si tunga.
Psal NorSMB 78:37  Og deira hjarta hekk ikkje fast ved honom, og dei var ikkje true mot hans pakt.
Psal NorSMB 78:38  Men han er miskunnsam, han forlet skuld og tyner ikkje, og mange gonger let han sin vreide venda um, og han vakte ikkje heile sin harm.
Psal NorSMB 78:39  Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att.
Psal NorSMB 78:40  Kor ofte dei tråssa honom i øydemarki og gjorde honom sorg i audni!
Psal NorSMB 78:41  Og dei freista atter Gud og krenkte Israels Heilage.
Psal NorSMB 78:42  Dei kom ikkje handi hans i hug, eller den dagen då han fria deim frå fienden,
Psal NorSMB 78:43  då han gjorde sine teikn i Egyptarland, og sine undergjerningar på Soans mark.
Psal NorSMB 78:44  Og han gjorde deira elvar til blod, og sine rennande vatn kunde dei ikkje drikka.
Psal NorSMB 78:45  Han sende imot deim flugesvermar som åt deim upp, og froskar som tynte deim.
Psal NorSMB 78:46  Og han gav deira grøda til gnagaren og deira arbeid til grashoppen.
Psal NorSMB 78:47  Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar.
Psal NorSMB 78:48  Og han gav deira fe til haglet og deira hjorder til eldingarne.
Psal NorSMB 78:49  Han sende på deim sin brennande vreide, sinne og harm og trengsla, ei sending av uferds-englar.
Psal NorSMB 78:50  Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjæl for dauden, og deira liv gav han til sotti.
Psal NorSMB 78:51  Og han slo alle fyrstefødde i Egyptarland, fyrstegrøda av dei sterke i Khams tjeld.
Psal NorSMB 78:52  Og han let sitt folk fara av stad som sauer, og førde deim som ei hjord i øydemarki.
Psal NorSMB 78:53  Og han leidde deim trygt, og dei ræddast ikkje, men havet løynde deira fiendar.
Psal NorSMB 78:54  Og han førde deim til sitt heilage landmerke, det fjell som hans høgre hand hadde vunne.
Psal NorSMB 78:55  Og han dreiv ut heidningar for deim, og let deira land falla til deim som arv, og let Israels ætter bu i deira tjeld.
Psal NorSMB 78:56  Men dei freista Gud, den Høgste, og tråssa honom, og hans vitnemål agta dei ikkje på.
Psal NorSMB 78:57  Og dei veik av og var utrugne som deira feder, dei vende um som ein veik boge.
Psal NorSMB 78:58  Dei harma honom med sine haugar og eggja honom med sine avgudar.
Psal NorSMB 78:59  Gud høyrde det og vart vreid, og han vart svært leid av Israel.
Psal NorSMB 78:60  Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneskje.
Psal NorSMB 78:61  Og han let sin styrke verta førd burt som fange, og gav si æra i fiendehand.
Psal NorSMB 78:62  Og han gav sitt folk til sverdet, og på sin arv harmast han.
Psal NorSMB 78:63  Eld åt deira unge menner, og deira møyar fekk ingen bruresong.
Psal NorSMB 78:64  Deira prestar fall for sverdet, og deira enkjor fekk ikkje syrgja
Psal NorSMB 78:65  Då vakna Herren som ein sovande, som ei kjempa frå rus av vin.
Psal NorSMB 78:66  Og han slo sine fiendar attende, og han førde yver deim æveleg skam.
Psal NorSMB 78:67  Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efraims ætt valde han ikkje ut.
Psal NorSMB 78:68  Men han valde Judas ætt, Sions fjell som han elska.
Psal NorSMB 78:69  Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, liksom jordi som han hev grunnfest til æveleg tid.
Psal NorSMB 78:70  Og han valde ut David, sin tenar, og tok honom frå sauegrindarne.
Psal NorSMB 78:71  Han førde honom frå lambsauerne som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv.
Psal NorSMB 78:72  Og han gjætte deim etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han deim.