Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 101
Psal NorSMB 101:1  Av David; ein salme. Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.
Psal NorSMB 101:2  Eg vil agta på den ulastande veg - når kjem du til meg? Eg vil vandra i mitt hjartans uskyld i mitt hus.
Psal NorSMB 101:3  Ikkje set eg meg for augo nidingsverk, å gjera misgjerd hatar eg, slikt heng ikkje ved meg.
Psal NorSMB 101:4  Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, vondt vil eg ikkje vita av.
Psal NorSMB 101:5  Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola.
Psal NorSMB 101:6  Mine augo ser på dei trugne i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som vandrar på ulastande veg, han skal tena meg.
Psal NorSMB 101:7  I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.
Psal NorSMB 101:8  Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.