Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 89
Psal NorSMB 89:2  Um Herrens miskunns verk vil eg æveleg syngja frå ætt til ætt vil eg med min munn forkynna hans truskap.
Psal NorSMB 89:3  For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen gjer du din truskap fast.
Psal NorSMB 89:4  «Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min:
Psal NorSMB 89:5  «Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.»» Sela.
Psal NorSMB 89:6  Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage.
Psal NorSMB 89:7  For kven i dei høge skyer likjest Herren? Kven er lik Herren millom gudesøner?
Psal NorSMB 89:8  Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom.
Psal NorSMB 89:9  Herre, allhers drott, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg.
Psal NorSMB 89:10  Du råder yver havsens ovmod; når bylgjorne i det reiser seg, stiller du deim.
Psal NorSMB 89:11  Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen, med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar.
Psal NorSMB 89:12  Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt.
Psal NorSMB 89:13  Nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast i ditt namn.
Psal NorSMB 89:14  Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand.
Psal NorSMB 89:15  Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; miskunn og truskap gjeng fyre di åsyn.
Psal NorSMB 89:16  Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlit skal dei ferdast.
Psal NorSMB 89:17  I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde.
Psal NorSMB 89:18  For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn.
Psal NorSMB 89:19  For Herren høyrer vår skjold til, og vår konge til Israels Heilage.
Psal NorSMB 89:20  Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sagde: «Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldug, eg hev upphøgt ein ungdom av folket.
Psal NorSMB 89:21  Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva honom.
Psal NorSMB 89:22  Mi hand skal alltid vera med honom, og min arm skal styrkja honom.
Psal NorSMB 89:23  Fienden skal ikkje trengja honom, og den urettferdige skal ikkje kua honom.
Psal NorSMB 89:24  Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn, og slå deim som hatar honom.
Psal NorSMB 89:25  Og min truskap og mi miskunn skal vera med honom, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft.
Psal NorSMB 89:26  Eg vil leggja hans hand på havet og hans høgre hand på elvarne.
Psal NorSMB 89:27  Han skal ropa til meg: «Du er min far, min Gud og mitt frelse-fjell!»
Psal NorSMB 89:28  Og eg vil setja honom til den fyrstefødde, til den høgste av kongarne på jordi.
Psal NorSMB 89:29  Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom.
Psal NorSMB 89:30  Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer.
Psal NorSMB 89:31  Dersom hans born forlet mi lov og ikkje vandrar etter mine domar,
Psal NorSMB 89:32  dersom dei bryt mine bodord og ikkje held mine fyresegner,
Psal NorSMB 89:33  då vil eg heimsøkja deira misgjerd med ris og deira skuld med plågor.
Psal NorSMB 89:34  Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå honom, og ikkje vil eg svika i min truskap.
Psal NorSMB 89:35  Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor.
Psal NorSMB 89:36  Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga.
Psal NorSMB 89:37  Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn.
Psal NorSMB 89:38  Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i skyi er trufast.» Sela.
Psal NorSMB 89:39  Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva.
Psal NorSMB 89:40  Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev skjemt hans kruna og kasta henne på jordi.
Psal NorSMB 89:41  Du hev brote ned alle murarne hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar.
Psal NorSMB 89:42  Alle som fer fram på vegen, plundrar honom, han hev vorte til spott for grannarne sine.
Psal NorSMB 89:43  Du hev upphøgt den høgre hand til hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade.
Psal NorSMB 89:44  Du hev og late og hans sverdsegg vika, og hev ikkje halde honom uppe i striden.
Psal NorSMB 89:45  Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi.
Psal NorSMB 89:46  Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev lagt skam yver honom. Sela.
Psal NorSMB 89:47  Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld?
Psal NorSMB 89:48  Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle menneskjeborn.
Psal NorSMB 89:49  Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? Sela.
Psal NorSMB 89:50  Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap?
Psal NorSMB 89:51  Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg må bera i fanget alle dei mange folk,
Psal NorSMB 89:52  at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar hans fotspor som du hev salva. Lova vere Herren æveleg! Amen, amen!