Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 146
Psal NorSMB 146:2  Eg vil lova Herren so lenge eg liver, syngja lov for min Gud medan eg er til.
Psal NorSMB 146:3  Set ikkje lit til hovdingar, til ein menneskjeson som ikkje kann hjelpa.
Psal NorSMB 146:4  Fer hans ande ut, so vender han attende til si jord, den dagen er det ute med hans tankar.
Psal NorSMB 146:5  Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud!
Psal NorSMB 146:6  han som hev skapa himmel og jord, havet og alt som i deim er, han som er trufast til æveleg tid,
Psal NorSMB 146:7  han som gjev dei nedtyngde rett, han som gjev dei hungrige brød. Herren løyser dei bundne.
Psal NorSMB 146:8  Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,
Psal NorSMB 146:9  Herren varar dei framande, farlause og enkjor held han uppe, men han villar vegen for dei ugudlege.
Psal NorSMB 146:10  Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!