Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 116
Psal NorSMB 116:1  Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine bøner.
Psal NorSMB 116:2  For han hev bøygt sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på honom.
Psal NorSMB 116:3  Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg.
Psal NorSMB 116:4  Men eg kalla på Herrens namn: «Å Herre, berga mi sjæl!»
Psal NorSMB 116:5  Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam.
Psal NorSMB 116:6  Herren varar dei einfalde, eg var ein arming, og han frelste meg.
Psal NorSMB 116:7  Kom attende, mi sjæl, til di ro! for Herren hev gjort vel imot deg.
Psal NorSMB 116:8  Ja, du fria mi sjæl frå dauden, mitt auga frå tåror, min fot frå fall.
Psal NorSMB 116:9  Eg skal vandra for Herrens åsyn i landi åt dei livande.
Psal NorSMB 116:11  Eg sagde i min ræddhug: «Kvar mann er ein ljugar!»
Psal NorSMB 116:12  Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg?
Psal NorSMB 116:13  Eg vil lyfta frelse-staupet, og Herrens namn vil eg påkalla.
Psal NorSMB 116:14  Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk.
Psal NorSMB 116:16  Å Herre, eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band.
Psal NorSMB 116:17  Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla.
Psal NorSMB 116:18  Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk,
Psal NorSMB 116:19  i fyregardarne til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!