Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 145
Psal NorSMB 145:1  Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid.
Psal NorSMB 145:2  Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid.
Psal NorSMB 145:3  Stor er Herren og mykje lovsungen, og hans storleik er uransakleg.
Psal NorSMB 145:4  Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna.
Psal NorSMB 145:5  Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på.
Psal NorSMB 145:6  Um dine sterke, skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um.
Psal NorSMB 145:7  Minne-ord um din store godleik skal dei lata strøyma ut, og di rettferd skal dei lovsyngja.
Psal NorSMB 145:8  Nådig og miskunnsam er Herren, langmodig og stor i miskunn.
Psal NorSMB 145:9  Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk.
Psal NorSMB 145:10  Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne lova deg.
Psal NorSMB 145:11  Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og ditt velde skal dei forkynna,
Psal NorSMB 145:12  til å kunngjera dine velduge verk for menneskjeborni, og den strålande herlegdom i ditt rike.
Psal NorSMB 145:13  Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter.
Psal NorSMB 145:14  Herren er stydjar alle som fell, og han reiser alle som er nedbøygde.
Psal NorSMB 145:15  Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev deim deira føda i si tid.
Psal NorSMB 145:16  Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad.
Psal NorSMB 145:17  Herren er rettferdig på alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk.
Psal NorSMB 145:18  Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning.
Psal NorSMB 145:19  Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim.
Psal NorSMB 145:20  Herren varar alle deim som elskar honom, men alle ugudlege tyner han.
Psal NorSMB 145:21  Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn i all æva og alltid.