Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 15
Job NorSMB 15:2  «Kjem svar i vind og ver frå vismann? Fyller han barmen sin med storm?
Job NorSMB 15:3  Vil han med ugangstale lasta? Med ord som nyttelause er?
Job NorSMB 15:4  Otten for Gud den bryt du ned og skjeplar andakt for Guds åsyn.
Job NorSMB 15:5  For syndi styrer munnen din; du talar som dei falske talar.
Job NorSMB 15:6  Din munn deg dømer, ikkje eg; og dine lippor vitnar mot deg.
Job NorSMB 15:7  Vart fyrst av menneskje du fødd? Vert fyre haugarne du avla?
Job NorSMB 15:8  Var du i Guds rådleggjing med? Og fekk du visdom til deg rana?
Job NorSMB 15:9  Kva veit du som me ikkje veit? Kva skynar du som me ei kjenner?
Job NorSMB 15:10  Gråhærd og gamling er hjå oss; han eldre er enn jamvel far din.
Job NorSMB 15:11  Er trøyst frå Gud det altfor ring? Vanvyrder du eit rolegt ord?
Job NorSMB 15:12  Kvi let du hugen eggja deg? Kvi let du auga rulla vilt?
Job NorSMB 15:13  For imot Gud din harm du snur og let or munnen ordi strøyma.
Job NorSMB 15:14  Kor kann vel mannen vera rein? Og kvinnefødde hava rett?
Job NorSMB 15:15  På sine heilage han lit ei; for honom er ’kje himmeln rein,
Job NorSMB 15:16  langt mindre då ein styggeting, ein mann som urett drikk som med vatn.
Job NorSMB 15:17  Eg vil deg læra; høyr på meg! Det som eg såg, vil eg deg melda,
Job NorSMB 15:18  det som vismenner segja kann, og ei hev dult frå sine feder,
Job NorSMB 15:19  dei som åleine landet åtte, og ingen framand kom bland deim.
Job NorSMB 15:20  Den vonde stødt i uro liver, for valdsmann gøymt er fåe år.
Job NorSMB 15:21  I øyro rædsletonar ljomar; fyrr han veit av, kjem tynaren.
Job NorSMB 15:22  Han trur ’kje han kann fly frå myrkret; han venta lyt det kvasse sverd.
Job NorSMB 15:23  Han leitar etter brød: Kvar er det? Han veit, ein myrk dag er for hand.
Job NorSMB 15:24  Naud, trengsla skræmer, tyngjer honom, liksom ein konge budd til strid.
Job NorSMB 15:25  For imot Gud han lyfte handi og våga tråssa Allvalds-Gud,
Job NorSMB 15:26  han storma fram med nakken lyft, med vern utav skjold-ryggjer sterke;
Job NorSMB 15:27  han dekte andlitet med feitt og gjorde sine lender feite.
Job NorSMB 15:28  Han budde i bannstøytte byar, i hus som ingen burde bu i, men til grushaugar etla var.
Job NorSMB 15:29  Han vart ’kje rik, hans gods kverv burt, hans grøda luter ei mot jordi.
Job NorSMB 15:30  Han kann ’kje koma undan myrkret. Hans greiner turkast burt i hiten, og han kjem burt ved hans munns ande.
Job NorSMB 15:31  Trur han på fåfengd, vert han narra, og berre fåfengd haustar han.
Job NorSMB 15:32  Fyrr dagen kjem, då vert det uppfyllt, hans palmegreiner grønkar ikkje.
Job NorSMB 15:33  Lik vinstokk misser han si druva, spiller sin blom som oljetreet.
Job NorSMB 15:34  Ein syndarflokk set ingi frukt, og elden øyder mute- tjeldi.
Job NorSMB 15:35  Dei avlar møda, føder tjon, og svik i fanget sitt dei nører.»