Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 21
Job NorSMB 21:2  «Å høyr då, høyr på mine ord! Gjev i minsto det til trøyst!
Job NorSMB 21:3  Lat meg få lov å tala ut, so kann du spotta etterpå.
Job NorSMB 21:4  Klagar eg vel på menneskje? Og hev eg ikkje grunn til harm?
Job NorSMB 21:5  Vend dykk til meg, og ottast so; legg handi so på dykkar munn.
Job NorSMB 21:6  Eg støkk, når eg det kjem i hug; ei bivring gjenom kroppen gjeng.
Job NorSMB 21:7  Kvifor fær dei gudlause liva, auka i magt som åri gjeng?
Job NorSMB 21:8  Dei ser si ætt stå fast ikring deim, dei hev sitt avkjøme for augo.
Job NorSMB 21:9  I fred stend husi deira trygge, Guds svipa råkar ikkje deim;
Job NorSMB 21:10  med heppa parast deira fe, og kyrne kastar aldri kalv.
Job NorSMB 21:11  Dei slepper borni ut som lamb, og gutarne i leiken hoppar;
Job NorSMB 21:12  Dei syng til trumma og til cither og frygdar seg ved fløyteljod.
Job NorSMB 21:13  I lukka liver dei si tid og fer so brått til helheim ned.
Job NorSMB 21:14  Til Gud dei segjer: «Haldt deg burte!» Me vil ’kje kjenna dine vegar!
Job NorSMB 21:15  Kvi skal me tena den Allsterke? Kva gagnar det å be til honom?»
Job NorSMB 21:16  «Dei hev ’kje lukka si i handi» - Langt burt frå meg med gudlaus råd!
Job NorSMB 21:17  Når sloknar lampa for gudlause? Når kjem ulukka yver deim? Gjev han deim straff i vreidesmod?
Job NorSMB 21:18  Fer dei vel burt som strå for vind, lik agner som i stormen fyk?
Job NorSMB 21:19  «Gud gøymer straffi til hans born.» Nei, sjølv skal mannen straffi kjenna!
Job NorSMB 21:20  Lat han få sjå sitt eige fall og drikka harm frå den Allsterke!
Job NorSMB 21:21  Kva bryr han seg vel um sitt hus, når månadstalet hans er fullt?
Job NorSMB 21:22  Vil nokon hjelpa Gud til kunnskap, han som er domar for dei høgste?
Job NorSMB 21:23  Den eine døyr på velmagts høgd, fullkomleg trygg og fredeleg;
Job NorSMB 21:24  hans fat er fulle utav mjølk, og i hans bein er mergen frisk;
Job NorSMB 21:25  den andre døyr so beisk i hug, hev ingenting av lukka smaka.
Job NorSMB 21:26  Dei båe vert i moldi lagde, og deira klednad makkar er.
Job NorSMB 21:27  Sjå kor eg kjennar dykkar tankar, og dykkar meinkrokar mot meg.
Job NorSMB 21:28  De spør: «Kvar er vel stormannshuset? Kvar er det tjeld der gudlause bur?»
Job NorSMB 21:29  Hev de ’kje høyrt av ferdafolk - de trur vel det som dei fortel -:
Job NorSMB 21:30  «Den vonde frå ulukka slepp; han berga vert på vreidedagen.
Job NorSMB 21:31  Kven lastar honom for hans ferd? Og straffar honom for hans gjerd?
Job NorSMB 21:32  Han vert til gravi båren burt, og ved hans gravhaug held dei vakt.
Job NorSMB 21:33  Søtt søv han under torv i dal, og i hans far all verdi fer, som tallause gjekk fyre honom.
Job NorSMB 21:34  Det trøystar meg med tome ord; av dykkar svar er sviket att.»