Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 3
Psal NorSMB 3:1  Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin.
Psal NorSMB 3:2  Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.
Psal NorSMB 3:3  Mange segjer til mi sjæl: «Det finst ikkje frelsa for honom hjå Gud.» Sela.
Psal NorSMB 3:4  Men du, Herre, er min skjold, mi æra og den som lyfter mitt hovud.
Psal NorSMB 3:5  Eg ropar høgt til Herren, og han svarar meg frå sitt heilage fjell. Sela.
Psal NorSMB 3:6  Eg lagde meg og sovna; eg vakna upp, for Herren held meg uppe.
Psal NorSMB 3:7  Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.
Psal NorSMB 3:8  Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennerne på dei ugudlege. Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.