Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 22
II S NorSMB 22:1  David kvad dette kvædet åt Herren då Herren hadde frelst honom frå alle uvenerne sine, og frå Saul:
II S NorSMB 22:2  «Herren er mitt berg og mi festning og min frelsar.
II S NorSMB 22:3  Gud er mitt berg som eg flyr til! Min skjold og mitt frelseshorn Mi høge borg! mi livd! Frelsaren min som friar meg ifrå vald!
II S NorSMB 22:4  Eg kallar på Herren, den høglova: Frå fiendarne mine frelsar han meg.
II S NorSMB 22:5  Daudens brot og brand kringsette meg. Straumar av vondskap skræmde meg.
II S NorSMB 22:6  Helheims reip var snørde ikring meg. Daudsens snaror fanga meg.
II S NorSMB 22:7  Men Herren kalla eg på i mi trengsla, eg ropa til min Gud. Han høyrde frå templet sitt røysti mi, mitt rop rakk fram til øyro hans.
II S NorSMB 22:8  Jordi skok seg og skalv, himmelens grunnvollar dirra, Dei skok seg, for harmen hans loga upp:
II S NorSMB 22:9  Røyk steig upp frå nasen hans, eld frå munnen hans åt ikring seg, gloande kol loga frå honom.
II S NorSMB 22:10  Han lægde himmelen og steig ned, med kolmyrker under føterne sine.
II S NorSMB 22:11  Han for fram på kerub og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.
II S NorSMB 22:12  Myrkret gjorde han til åklæde kring seg, tjeldet hans var myrke vatn, tjukke skyer.
II S NorSMB 22:13  Frå glansen fyre andlitet hans brann gloande kol.
II S NorSMB 22:14  Herren tora i himmelen, den Høgste let høyra si røyst:
II S NorSMB 22:15  Pilerne sine skaut han og spreidde deim, eldingar sende han og fortulla deim.
II S NorSMB 22:16  Djupålarne i havet kom upp i dagen, grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved Herrens trugsmål, ved andepusten frå hans nase.
II S NorSMB 22:17  Han rette ut handi frå høgdi og greip meg, han drog meg upp or store vatn.
II S NorSMB 22:18  Han frelste meg frå min megtige fiende, frå uvenern’ mine, dei var meg for sterke.
II S NorSMB 22:19  Dei for imot meg på motgangsdagen; men Herren vart studnaden min.
II S NorSMB 22:20  Han førde meg ut i vidt rom. Han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.
II S NorSMB 22:21  Herren gjorde med meg etter rettferdi mi, han lønte meg etter reinleiken i henderne mine.
II S NorSMB 22:22  For eg tok vare på Herrens vegar, fall ikkje i vondskap frå min Gud.
II S NorSMB 22:23  Nei, alle hans rettar hadde eg for auga, bodordi hans veik eg ikkje ifrå.
II S NorSMB 22:24  So var eg ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd.
II S NorSMB 22:25  Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken min for hans augo.
II S NorSMB 22:26  Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande kjempa ulastande.
II S NorSMB 22:27  Mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde syner du deg rang.
II S NorSMB 22:28  For du frelsar arme folk, men augo dine er mot dei ovmodige til å tvinga deim ned.
II S NorSMB 22:29  For du er mi lampa, Herre, og Herren gjer myrkret mitt bjart.
II S NorSMB 22:30  Ved deg eg renner mot herflokkar, ved min Gud stormar eg murar.
II S NorSMB 22:31  Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.
II S NorSMB 22:32  For kven er Gud forutan Herren? Kven er eit berg utan vår Gud?
II S NorSMB 22:33  Gud, han som gyrder meg med kraft, og leider den ulastande på hans veg,
II S NorSMB 22:34  som gjev meg føter liksom hindarne, og set meg upp på høgderne mine,
II S NorSMB 22:35  som lærer henderne mine upp til strid, so armarne spenner koparbogen.
II S NorSMB 22:36  Du gav meg frelsa di til skjold, og småminkingi di ho gjorde meg stor.
II S NorSMB 22:37  Du gjorde rom for stigi mine, og oklo mine vagga ikkje.
II S NorSMB 22:38  Eg forfylgde fiendarne mine og tynte deim. Eg vende ikkje um fyrr eg fekk gjort ende på deim.
II S NorSMB 22:39  Eg gjorde ende på deim og slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg. Dei fall under føterne mine.
II S NorSMB 22:40  Du gyrde meg med kraft til striden. Du bøygde motmennern’ mine under meg.
II S NorSMB 22:41  Fiendarne mine let du snu ryggen til meg, deim som hatar meg, rudde eg ut.
II S NorSMB 22:42  Dei såg seg um - men ingen frelste - til Herren, men han svara deim ikkje.
II S NorSMB 22:43  Eg smuldra deim som dust på jordi; som søyla på gator krasa eg deim; eg trakka deim ned.
II S NorSMB 22:44  Du frelste meg ut or mitt folks ufred, til hovud for heidningar vara du meg; folk som eg ikkje kjende, tente meg.
II S NorSMB 22:45  Ukjende folk smeikte for meg, ved gjetordet um meg lydde dei meg.
II S NorSMB 22:46  Ja, framandfolk visna av, gjekk skjelvande ut or borgerne sine.
II S NorSMB 22:47  Herren liver! lova vere han, mitt berg! Ja, upphøgd vere Gud, mitt frelse-berg,
II S NorSMB 22:49  og fører meg ut frå fiendarne mine! Ja - du som lyfter meg høgt yver motmennern’ mine og bergar meg undan frå valdsmanns hand!
II S NorSMB 22:50  Difor, Herre, vil eg prisa deg millom heidningarn’, og lovsyngja ditt namn.
II S NorSMB 22:51  For han gjer kongen sin sigersæl, gjer miskunn mot honom han salva, mot David og ætti hans til æveleg tid.»