Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 129
Psal NorSMB 129:1  Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel -
Psal NorSMB 129:2  mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg.
Psal NorSMB 129:3  På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange.
Psal NorSMB 129:4  Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege.
Psal NorSMB 129:5  Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion.
Psal NorSMB 129:6  Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa;
Psal NorSMB 129:7  slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang.
Psal NorSMB 129:8  Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»