Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 138
Psal NorSMB 138:1  Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov.
Psal NorSMB 138:2  Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn.
Psal NorSMB 138:3  Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl.
Psal NorSMB 138:4  Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn.
Psal NorSMB 138:5  Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,
Psal NorSMB 138:6  for Herren er høg og ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.
Psal NorSMB 138:7  Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand.
Psal NorSMB 138:8  Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!