Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 8
Psal NorSMB 8:1  Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David.
Psal NorSMB 8:2  Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen.
Psal NorSMB 8:3  Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge.
Psal NorSMB 8:4  Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,
Psal NorSMB 8:5  kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom!
Psal NorSMB 8:6  Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom.
Psal NorSMB 8:7  Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter:
Psal NorSMB 8:8  Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki,
Psal NorSMB 8:9  fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!