LUKE
Chapter 2
Luke | NorSMB | 2:1 | I dei dagarne let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi. | |
Luke | NorSMB | 2:4 | Josef og for frå Galilæa, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hus og ætt - | |
Luke | NorSMB | 2:5 | og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn, | |
Luke | NorSMB | 2:7 | og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget. | |
Luke | NorSMB | 2:9 | Best det var, stod ein engel frå Herren innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande rædde; | |
Luke | NorSMB | 2:10 | men engelen sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket: | |
Luke | NorSMB | 2:12 | Og det skal de hava til merke: de skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.» | |
Luke | NorSMB | 2:15 | Då englarne hadde fare burt att og upp til himmelen, sagde hyrdingarne seg imillom: «Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev vitra oss um!» | |
Luke | NorSMB | 2:16 | So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba. | |
Luke | NorSMB | 2:17 | Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt deim um dette barnet. | |
Luke | NorSMB | 2:20 | Og hyrdingarne for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med det som var sagt deim. | |
Luke | NorSMB | 2:21 | Då åtte dagar var lidne, og han skulde umskjerast, kalla dei honom Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt, fyrr han var komen i morsliv. | |
Luke | NorSMB | 2:22 | So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Moselovi, var til endes for deim, tok dei honom med seg upp til Jerusalem; dei vilde te honom fram for Herren | |
Luke | NorSMB | 2:23 | - soleis som det stend skrive i Herrens lov: «Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren» - | |
Luke | NorSMB | 2:24 | og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: «eit par turtelduvor eller tvo duveungar.» | |
Luke | NorSMB | 2:25 | I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann, som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver honom, | |
Luke | NorSMB | 2:26 | og hadde vitra honom um at han ikkje skulde fara or verdi, fyrr han hadde set Herrens Messias. | |
Luke | NorSMB | 2:27 | No kom han til templet - det var Anden som dreiv honom - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet, og vilde fara med det som visi var etter lovi, | |
Luke | NorSMB | 2:29 | «Herre, no gjev du din tenar heimlov, som ordet ditt lydde, og let han fara i fred! | |
Luke | NorSMB | 2:32 | eit ljos som for heidningarn’ lyser, ein herlegdom og ei æra for Israel, folket ditt eige.» | |
Luke | NorSMB | 2:34 | Og Simeon velsigna deim og sagde til Maria, mor hans: «Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel og til eit motsegjingsteikn; | |
Luke | NorSMB | 2:35 | men deg og skal sverdet stinga gjenom hjarta; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hugen.» | |
Luke | NorSMB | 2:36 | Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Assers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år, | |
Luke | NorSMB | 2:37 | og sidan sete enkja i heile fire og åtteti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i bøn og fasta natt og dag. | |
Luke | NorSMB | 2:38 | I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på frelsa for Jerusalem. | |
Luke | NorSMB | 2:39 | Då dei hadde gjort alt som er fyreskrive i Herrens lov, for dei attende til heimstaden sin, Nasaret i Galilæa. | |
Luke | NorSMB | 2:43 | men då dei hadde vore der høgtidsdagarne til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje. | |
Luke | NorSMB | 2:44 | Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter honom millom skyldfolk og kjenningar. | |
Luke | NorSMB | 2:45 | Som dei no ikkje fann honom, for dei attende til Jerusalem, og leita etter honom der; | |
Luke | NorSMB | 2:46 | og då tri dagar var lidne, fann dei honom i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på deim og spurde deim, | |
Luke | NorSMB | 2:47 | og alle som høyrde på honom, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav. | |
Luke | NorSMB | 2:48 | Då dei fekk sjå honom, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sagde: «Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg!» | |
Luke | NorSMB | 2:49 | «Kvifor leita de etter meg?» svara han; «visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt far min?» | |
Luke | NorSMB | 2:51 | So fylgde han deim heim til Nasaret, og var lydug mot deim. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt. | |