Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next
Chapter 12
Matt NorSMB 12:1  I den tidi gjekk Jesus på ein kviledag yver åkrarne. Læresveinarne hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.
Matt NorSMB 12:2  Då farisæarane såg det, sagde dei til honom: «Sjå læresveinarne dine! - no gjer dei noko som ingen hev lov til å gjera på ein kviledag.»
Matt NorSMB 12:3  Han svara: «Hev de ’kje lese kva David gjorde då han var svolten, han og dei som var med honom,
Matt NorSMB 12:4  at han gjekk inn i Guds hus, og åt skodebrødi, og dei hadde han ikkje lov til å eta, korkje han eller fylgjesmennerne hans, men berre prestarne.
Matt NorSMB 12:5  Eller hev de ’kje lese i lovi at prestarne bryt helgi i templet på kviledagen, og er endå skuldlause?
Matt NorSMB 12:6  Men eg segjer dykk, at her er det som er større enn templet.
Matt NorSMB 12:7  Og hadde de visst kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i,» so hadde de ikkje fordømt desse uskyldige.
Matt NorSMB 12:9  So gjekk han burt derifrå og til synagoga deira.
Matt NorSMB 12:10  Der var det ein mann som hadde ei nomi hand. So spurde dei honom: «Tru det er rett å lækja folk på ein kviledag?» For dei vilde få noko å klaga honom for.
Matt NorSMB 12:11  Då sagde han til deim: «Kven av dykk dreg ikkje upp att ein sau som hev dotte ned i eit dike for honom på ein kviledag?
Matt NorSMB 12:12  Og kor mykje meir er ’kje eit menneskje enn ein sau! So må det då vera rett å gjera vel på kviledagen.»
Matt NorSMB 12:13  So segjer han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og ho vart frisk liksom hi handi.
Matt NorSMB 12:14  Men farisæarane gjekk ut og lagde råd um korleis dei skulde få gjort ende på honom.
Matt NorSMB 12:15  Då Jesus vart vis med det, for han burt, og det fylgde mange med honom. Han lækte deim alle,
Matt NorSMB 12:17  Soleis skulde det sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:
Matt NorSMB 12:18  «Sjå sveinen unge som eg ut meg såg, han som eg elskar, han, min hjartehugnad! På honom vil eg leggja åndi mi, og rett skal for folki lysa ut.
Matt NorSMB 12:19  Han trættar ikkje, ropar ikkje høgt. I gatorn’ ingen høyra fær hans røyst:
Matt NorSMB 12:20  Den brotne røyri krys han ikkje sund, rjukande skaren sløkkjer han ’kje ut, fyrr retten han til siger fram hev ført.
Matt NorSMB 12:22  Sidan kom dei til honom med ein forgjord som var både mållaus og blind, og han gjorde honom god att, so den mållause tala og såg.
Matt NorSMB 12:23  Då vart alt folket reint upp i under og sagde: «Dette skulde vel ikkje vera Davidssonen?»
Matt NorSMB 12:24  Då farisæarane høyrde det, sagde dei: «Denne kunde ikkje driva ut djevlarne, fekk han ikkje hjelp av Be’elsebul, hovdingen deira.»
Matt NorSMB 12:25  Men Jesus visste kva dei tenkte, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og ein by eller eit hus som er kome i strid med seg sjølv, stend ikkje lenge.
Matt NorSMB 12:26  Er det no so at Satan driv ut Satan, so er han komen i strid med seg sjølv, og korleis kann då riket hans standa?
Matt NorSMB 12:27  Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut dei djevlarne, kven hjelper då dykkar eigne folk til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.
Matt NorSMB 12:28  Men er det Guds Ande som hjelper meg til å driva ut djevlarne, so er då Gudsriket kome til dykk.
Matt NorSMB 12:29  Eller kven kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band? då kann han plundra huset.
Matt NorSMB 12:30  Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.
Matt NorSMB 12:31  Difor segjer eg dykk: All synd og spotting skal tilgjevast menneskja, men spott imot Anden skal ikkje tilgjevast.
Matt NorSMB 12:32  Og den som lastar Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som lastar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma.
Matt NorSMB 12:33  Anten lyt de segja: «Treet er godt, og frukti på det er god,» eller og: «Treet er låkt, og frukti på det er låk.» For på frukti kjenner ein treet.
Matt NorSMB 12:34  De orme-ungar, korleis kann de tala noko godt, de som er vonde? for frå munnen kjem det som hjarta er fullt av.
Matt NorSMB 12:35  Ein god mann ber fram gode ting av det gode han gøymer hjå seg, og ein vond mann ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.
Matt NorSMB 12:36  Men det segjer eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk hev tala, skal dei svara for på domedag,
Matt NorSMB 12:37  for etter ordi dine vert du frikjend, og etter ordi dine vert du felt.»
Matt NorSMB 12:38  Då tok nokre skriftlærde og farisæarar til ords og sagde: «Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!»
Matt NorSMB 12:39  Han svara: «Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten.
Matt NorSMB 12:40  For liksom Jona var tri dagar og tri næter i fiskebuken, soleis skal Menneskjesonen vera tri jamdøger under jordi.
Matt NorSMB 12:41  Nineve-mennerne skal møta for domen saman med denne ætti og fella deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona.
Matt NorSMB 12:42  Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med denne ætti og fella deim; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.
Matt NorSMB 12:43  Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho yver vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.
Matt NorSMB 12:44  So segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte utor,» og når ho kjem der, finn ho det tomt, og feia og fjelga.
Matt NorSMB 12:45  Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan. Soleis kjem det og til å ganga med denne vonde ætti.»
Matt NorSMB 12:46  Med han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna honom.
Matt NorSMB 12:48  svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?»
Matt NorSMB 12:49  So rette han handi ut mot læresveinarne sine og sagde: «Sjå der er mor mi og brørne mine;
Matt NorSMB 12:50  for den som gjer det far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»