Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 122
Psal NorSMB 122:1  Ein song til høgtidsferderne; av David. Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.»
Psal NorSMB 122:2  Våre føter fekk standa i dine portar, Jerusalem.
Psal NorSMB 122:3  Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop.
Psal NorSMB 122:4  Der ætterne fer upp, Herrens ætter, etter Israels lov, til å prisa Herrens namn.
Psal NorSMB 122:5  For der er stolar sette til domstolar for Davids hus.
Psal NorSMB 122:6  Bed um fred for Jerusalem! det gange deim vel som elskar deg!
Psal NorSMB 122:7  Fred vere innanfor dine murar og ro i dine salar!
Psal NorSMB 122:8  For mine brør og vener skuld vil eg segja: «Fred vere i deg!»
Psal NorSMB 122:9  For Herrens, vår Guds, hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.