Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 137
Psal NorSMB 137:1  Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug.
Psal NorSMB 137:2  På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.
Psal NorSMB 137:3  For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»
Psal NorSMB 137:4  Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?
Psal NorSMB 137:5  Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt!
Psal NorSMB 137:6  Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda.
Psal NorSMB 137:7  Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!»
Psal NorSMB 137:8  Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!
Psal NorSMB 137:9  Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!