Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 28
Deut NorSMB 28:1  Høyr du no med åthug på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du alle dei bodi eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle lydar på jordi.
Deut NorSMB 28:2  Kvar velsigning eg nemner, skal nå deg og taka deg att, so sant som du vil høyra på røysti åt Herren, din Gud:
Deut NorSMB 28:3  Velsigna vere du i by! Velsigna vere du på land!
Deut NorSMB 28:4  Velsigna barnet i ditt fang! Velsigna avlen av di jord! Velsigna buskapen du el, Velsigna kalv og lamb og kid!
Deut NorSMB 28:6  Velsigna ver du når du kjem inn! Velsigna ver du når du gjeng ut!
Deut NorSMB 28:7  Når fiendarne reiser seg mot deg, skal Herren fella deim ned for din fot; på ein veg kjem dei farande imot deg, men på sju vegar skal dei ljota fly.
Deut NorSMB 28:8  Til lukka skal din Herre senda bod at ho skal bu hjå deg i buderne dine og fylgja deg i all di ferd og gjerd; for Herren vil at du skal liva sæl uti det landet han hev etla deg.
Deut NorSMB 28:9  Ja, til eit heilagt folk vil Herren gjera deg, vigt åt honom sjølv, som han hev lova deg, so framt du held hans bod og ferdast på hans veg;
Deut NorSMB 28:10  og alle folk på jordi skal få sjå at du med rette heiter Herrens lyd, og dei skal ræddast deg.
Deut NorSMB 28:11  Nøgdi av alt som godt er skal Herren senda deg, av born og buskap og av alt som marki ber, og du skal bu og byggja i det land han lova federne å gjeva deg.
Deut NorSMB 28:12  Si rike bud i himmelen skal han lata upp for deg, so landet ditt i tidom fær det regn som trengst, og alt vert signa som du tek deg til; og du skal låna burt til mange folk, men aldri skal du turva låna sjølv.
Deut NorSMB 28:13  Til hovud skal Herren setja deg, og aldri skal du verta hale. Høgre og høgre skal du stiga upp, og aldri meir skal du siga ned, so sant du berre lyder Herrens bod - deim som eg no legg fram for deg, so du skal halda deim og liva etter deim -
Deut NorSMB 28:14  og aldri tek utav den rette leid, og gløymer ordi som eg lærde deg, og fylgjer nokon annan Gud, og bed til honom.
Deut NorSMB 28:15  Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du ’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:
Deut NorSMB 28:16  Forbanna vere du i by! Forbanna vere du på land!
Deut NorSMB 28:18  Forbanna borni som du fær! Forbanna avlen av di jord! Forbanna buskapen du el, forbanna kalv og lamb og kid!
Deut NorSMB 28:19  Forbanna ver når du kjem inn! Forbanna ver når du gjeng ut!
Deut NorSMB 28:20  Forbanning, støkk og trugsmål sender Herren yver deg, kva du so tek deg til og gjer, til du vert tynt og vonom fyrr kverv burt, for di du jamt hev gjort so mykje vondt og falle frå din Gud.
Deut NorSMB 28:21  Farangar skal han lata hanga atti deg, til han hev rudt deg ut or landet som du er på vegen til og skal slå under deg.
Deut NorSMB 28:22  Med sott som syg og brenn skal han søkja deg, med hiteflagor og med verk og svull, med turkår og med moldaks og med rust, og dei skal elta deg til du er kvitt.
Deut NorSMB 28:23  Himmelen uppyver deg skal vera som eit kopartak, og jordi under føterne dine som av jarn.
Deut NorSMB 28:24  Regnet i landet ditt skal verta dust og sand, som fell nedyver deg til du vert kjøvd.
Deut NorSMB 28:25  For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.
Deut NorSMB 28:26  Til mat for fuglarne i lufti vert ditt lik, og for dei ville dyri; ingen jagar deim.
Deut NorSMB 28:27  Egyptarsotti sender Herren yver deg, kaunar og skabb og sårke, utan lækjevon;
Deut NorSMB 28:28  vitløysa, hjartestøkk og blindskap sender han;
Deut NorSMB 28:29  då lyt du trivla deg fram midt i dagsens ljos, den blinde lik som all tid gjeng i myrkrer, og aldri når du målet som du stemnar mot. Plåga og plundra vert du dag for dag, og ingen finst det som kann hjelpa deg.
Deut NorSMB 28:30  Ein annan mann tek bruri di i fang; i huset du hev bygt, fær du ’kje bu; av hagen du hev stelt, fær du ’kje frukt.
Deut NorSMB 28:31  Slagta vert uksarna dine med du ser på det; men du fær ikkje smaka deira kjøt; asni vert rana frå deg, og kjem aldri att; og fienden tek sauerne - ingen hjelper deg.
Deut NorSMB 28:32  Borni vert gjevne til eit framandt folk, og augo dine skodar det, og græt seg såre etter deim all dagen lang; men det er ingi magt i handi di.
Deut NorSMB 28:33  Eit folk du ikkje kjenner, et upp det som du hev avla på di fedrejord, og alt som du hev vunne med ditt stræv; trælka og trådd på vert du jamt og samt.
Deut NorSMB 28:34  Du kjem til å missa vitet av den syn som du lyt sjå for augo dine stødt.
Deut NorSMB 28:35  Med vonde verker søkjer Herren deg, på kne og legg, frå hovud og til fot, og aldri fær du att helsa meir.
Deut NorSMB 28:36  Deg og den kongen du set yver deg, skal Herren føra langt burt til eit folk som korkje du eller federne hev kjent; der lyt du tena andre gudar, stokk og stein;
Deut NorSMB 28:37  ein spegel, eit ordtøke og ei spott vert du for alle folk som Herren let deg koma til.
Deut NorSMB 28:38  På åkrarne sår du ut mykje korn, men lite er det du fær samla inn; for grashopparne gneg brodden av.
Deut NorSMB 28:39  Vinhagar kostar du, og dyrkar deim; men aldri fær du drukke eller lagt vin; for makken et upp både blom og blad.
Deut NorSMB 28:40  I heile landet er det oljetre; men endå fær du aldri salva deg; det kastar karten, oljetreet ditt.
Deut NorSMB 28:41  Born fær du, men du må ’kje hava deim; for dei vert hertekne og førde burt.
Deut NorSMB 28:42  Avåtet legg seg tett på alle tre og grøda som veks upp av jordi di.
Deut NorSMB 28:43  Den framande som bur hjå deg stig upp, høgre og høgre, yver deg, og du sig allstødt djupare og djupare.
Deut NorSMB 28:44  Han hev so han kann låna burt til deg, men du hev inkje å låna honom; han vert til hovud, og du vert til hale.
Deut NorSMB 28:45  Og alle desse våbønerne kjem yver deg og råmar deg, so du vert øydelagd, for di du ikkje lydde Herrens ord, og ikkje heldt hans bod og loverne han gav.
Deut NorSMB 28:46  Og dei skal verta til eit bisn og teikn, som allstødt fylgjer deg og ætti di.
Deut NorSMB 28:47  For di du ikkje tente Herren din med gleda og av hjartans hug den gongen du hadde flust av alt,
Deut NorSMB 28:48  so skal du svolten, tyrst og klædelaus og aud for all ting tena fienden som Herren sender mot deg, og eit jarnok skal han leggja på din hals, til du vert kverkt.
Deut NorSMB 28:49  Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -
Deut NorSMB 28:50  eit hardleitt folk, som ingen age hev for den som gamall er, og ingen medynk med den som er ung;
Deut NorSMB 28:51  dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei ikkje leiver anten korn eller vin eller olje, anten kalv eller lamb, fyrr dei hev fenge øydt og snøydt deg reint.
Deut NorSMB 28:52  Dei kringset deg i kvar ein by du hev, til dess dei høge, sterke murarne du lit på, fell i heile riket ditt; dei kringset deg i alle byarne i heile landet Gud hev gjeve deg.
Deut NorSMB 28:53  Då skal du eta eige kjøt og blod, dei borni som din Gud hev gjeve deg, so stor ei trengsla og so hard ei naud kjem fienden til å føra yver deg.
Deut NorSMB 28:54  Den kjælnaste og vandaste av menn skal sjå med ovundsauga på sin bror, og på si kona, som han held i fang, og på dei siste borni han hev att,
Deut NorSMB 28:55  og ikkje nennast gjeva deim ein grand av kjøtet av dei borni som han et, av di han ingen annan ting hev att til å berga seg med i den naud og trong som fiendarne fører yver honom når dei kringset dykk i kvar borg og by.
Deut NorSMB 28:56  Den kjælnaste og mest forvande dros som aldri baud til å setja fot på jordi for berre blautlæte og kjælenskap, ho ser med ovundsauga på sin mann, han som fekk kvila innmed hennar barm, og på sin eigen son, og dotter si,
Deut NorSMB 28:57  og gjev deim ikkje av si etterferd, eller av det vesle barnet som ho fekk, men, snøydd for alt, et ho det sjølv i løynd, til å berga livet i den naud og trong som fiendarne fører henne i når han kringset dykk i kvar by og borg.
Deut NorSMB 28:58  Held du ’kje alle bod i denne lov, deim som stend skrivne her i denne bok, ottast du ikkje det høgheilage og agelege namnet åt din Gud,
Deut NorSMB 28:59  skal Herren senda fæle ulukkor yver deg sjølv og yver ætti di, svære og endelause ulukkor og endelause vonde sjukdomar.
Deut NorSMB 28:60  Egyptar-sjukarne som du er so rædd, deim skal han føra yver deg på ny, og dei skal alle hanga atti deg.
Deut NorSMB 28:61  Og kvar ei sott og kvar ei ulukka som er unemnd i denne lovboki, skal Herren lata koma yver deg, til du er heiltupp tynt og øydelagd,
Deut NorSMB 28:62  og de som fyrr var liksom stjernorne på himmelen i tal, skal minka burt, so de er att berre tvo, tri mann, for di du ikkje lydde Herrens bod.
Deut NorSMB 28:63  Og liksom Herren fyrr hev gledt seg i å gjera vel mot dykk og auka dykk, so skal han sidan gleda seg når han let dykk forkomast fort og øydast ut, og de skal rykkjast upp utor det land de no vil inn i og slå under dykk.
Deut NorSMB 28:64  Herren skal spreida dykk bland alle folk, frå heimsens eine ende og til hin; der lyt du tena avgudar, som du og federne dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein,
Deut NorSMB 28:65  og aldri fær du ro hjå desse folki, aldri finn du nokon kvilestad for foten din. Herren skal gjeva deg ei sjæl som skjelv, innsokne augo og ein visna hug;
Deut NorSMB 28:66  då tykkjer du ditt liv heng etter eit hår; du bivrar natt og dag, og aldri er du trygg for livet ditt.
Deut NorSMB 28:67  Kvar morgon segjer du: «Gjev det var kveld!» og vert det kveld: «Gjev det var morgon att!» Slik rædsla kjenner du i hugen din, og slik ei syn lyt augo dine sjå.
Deut NorSMB 28:68  På skip skal Herren senda dykk attende til Egyptarland, den vegen som eg sagde deg at du aldri meir skulde sjå; der skal de verta bodne ut i mengd åt dykkar fiendar til trælar og til trælkvende, men ingen idest kjøpa dykk.»