Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 34
Job NorSMB 34:2  «Vismenner, høyr på ordi mine! Kunnige folk, lyd no på meg!
Job NorSMB 34:3  For ordi prøver ein med øyro, som ein med gomen maten smakar.
Job NorSMB 34:4  So lat oss no det rette velja og saman finna ut det gode!
Job NorSMB 34:5  For Job hev sagt: «Eg skuldfri er; min rett hev Gud ifrå meg teke;
Job NorSMB 34:6  tråss i min rett, stend eg som ljugar, uskuldig fekk eg ulivssår.»
Job NorSMB 34:7  Finst det vel nokon mann som Job? som gløyper hædings ord som vatn,
Job NorSMB 34:8  som held med illgjerdsmenner lag, hev umgang med gudlause folk?
Job NorSMB 34:9  For han hev sagt: «Kva gagnar det ein mann å vera ven med Gud?»
Job NorSMB 34:10  Difor, de menn med vit, høyr meg! D’er langt frå Gud å vera gudlaus, frå Allvalds-Gud å gjera urett.
Job NorSMB 34:11  Han løner mannen for hans gjerd, fer med han etter all hans ferd.
Job NorSMB 34:12  Nei, urettferdig er ’kje Gud, og Allvald krenkjer ikkje retten.
Job NorSMB 34:13  Kven let vel honom styra jordi? Og kven hev grunna jordheims-kringen?
Job NorSMB 34:14  Um han på seg åleine tenkte og drog sin ande til seg att,
Job NorSMB 34:15  då gjekk alt livande til grunns, og menneskja vart atter mold.
Job NorSMB 34:16  Um du er klok, so høyr på dette, og lyd på ljoden av mitt ord!
Job NorSMB 34:17  Kann ein som hatar retten, styra? Fordømer du den allrettvise?
Job NorSMB 34:18  Kann ein til kongen segja: «Niding!» Og til dei megtige: «Du brotsmann?»
Job NorSMB 34:19  Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle?
Job NorSMB 34:20  Dei andast brått og midt um natti, eit folk avjagast og kverv burt, stormenn forgjengst i hjelpeløysa.
Job NorSMB 34:21  Hans augo ser til mannsens ferd, han skodar kvart eit stig han tek;
Job NorSMB 34:22  det finst ’kje skugge eller myrker der illgjerdsmenn kann løyna seg.
Job NorSMB 34:23  Han tarv ’kje lenge sjå på mannen fyrr han lyt møta Gud til doms.
Job NorSMB 34:24  Han utan forhøyr storfolk krasar og andre set i deira stad.
Job NorSMB 34:25  Han kjennar heile deira verk og gjev um natti deim til tyning.
Job NorSMB 34:26  Han tuktar deim som illgjerdsmenner, ein stad der alle kann det sjå,
Job NorSMB 34:27  dei som hev vike burt frå han og ikkje hev hans vegar fylgt -
Job NorSMB 34:28  so han kann høyra armods klaga og jammerskrik frå undertrykte.
Job NorSMB 34:29  Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen,
Job NorSMB 34:30  so ikkje gudlaus mann skal råda og vera snaror yver folket.
Job NorSMB 34:31  For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond.
Job NorSMB 34:32  Vis du meg det eg ikkje ser! hev eg gjort synd, vil eg snu um?»
Job NorSMB 34:33  Skal han då straffa som du tykkjer? D’er du som er den misnøgde; so lyt du velja, ikkje eg; og du fær segja det du veit.
Job NorSMB 34:34  Dei kloke folk vil segja til meg, og kvar ein vismann som meg høyrer:
Job NorSMB 34:35  «Job talar ikkje med forstand hans ord er utan ettertanke.»
Job NorSMB 34:36  Gjev Job må allstødt verta prøvd for sine svar på nidings vis!
Job NorSMB 34:37  For han legg brotsverk til si synd og ber seg vyrdlaust millom oss, og talar mange ord mot Gud.»