NUMBERS
Chapter 31
| Numb | NorSMB | 31:2 | «Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.» | |
| Numb | NorSMB | 31:3 | Då tala Moses til folket, og sagde: «Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midjanitarne, og føra Herrens hemn yver Midjan. | |
| Numb | NorSMB | 31:5 | Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner. | |
| Numb | NorSMB | 31:6 | Deim sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med deim sende han Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten; han hadde med seg dei heilage gognerne og stridslurarne. | |
| Numb | NorSMB | 31:7 | Og dei gjorde ei herferd mot Midjan, so som Herren hadde sagt med Moses, og slo i hel alle karmenner. | |
| Numb | NorSMB | 31:8 | Og millom deim som dei drap, var kongarne i Midjan, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midjans-kongarne; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira. | |
| Numb | NorSMB | 31:9 | So tok dei konorne og borni åt midjanitarne og klyvdyri og bufeet deira og alt det dei åtte; | |
| Numb | NorSMB | 31:10 | og alle borgarne i det landet dei hadde slege seg ned i og alle tjeldlægri deira, sette dei eld på. | |
| Numb | NorSMB | 31:12 | førde dei dit som Moses og Eleazar, øvstepresten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko - både fangarne og feet og alt det andre herfanget. | |
| Numb | NorSMB | 31:13 | Og Moses og Eleazar, øvstepresten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med deim utanfor lægret. | |
| Numb | NorSMB | 31:14 | Men Moses var vond på hovdingarne som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann, | |
| Numb | NorSMB | 31:16 | Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-sønerne til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd. | |
| Numb | NorSMB | 31:17 | Slå no i hel alle sveinborn, og alle kvinnor som hev ått mann eller havt med karfolk å gjera! | |
| Numb | NorSMB | 31:18 | Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til. | |
| Numb | NorSMB | 31:19 | Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg for synd den tridje og den sjuande dagen, både dei og fangarne deira. | |
| Numb | NorSMB | 31:20 | Og alle klæde, og alt som er gjort av ler eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.» | |
| Numb | NorSMB | 31:21 | Og Eleazar, øvstepresten, sagde til dei mennerne som hadde vore med i herferdi: «Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses: | |
| Numb | NorSMB | 31:23 | alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyt berre etterpå skira det med vigslevatn; men alt som ikkje toler eld, skal de hava i vatn. | |
| Numb | NorSMB | 31:24 | Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.» | |
| Numb | NorSMB | 31:26 | «Du og Eleazar, øvstepresten, og ættehovdingarne i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga, | |
| Numb | NorSMB | 31:27 | og skifta det likt millom stridsmennerne som var med i herferdi og alt hitt folket. | |
| Numb | NorSMB | 31:28 | Og du skal taka ei avgift av stridsmennerne: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe; | |
| Numb | NorSMB | 31:29 | det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleazar, øvstepresten; det skal vera ei reida til Herren. | |
| Numb | NorSMB | 31:30 | Og av den helvti som fell på dei hine Israels-sønerne, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av kyr og asen og sauer - av alt feet - og gjeva deim til levitarne som hev umsut med alt det som skal gjerast i Herrens hus.» | |
| Numb | NorSMB | 31:32 | Og herfanget, det som var att av alt det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund; | |
| Numb | NorSMB | 31:35 | av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund. | |
| Numb | NorSMB | 31:36 | Helvti av dette, den luten som fall på hermennerne, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet, | |
| Numb | NorSMB | 31:41 | Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleazar, øvstepresten, som Herren hadde sagt med honom. | |
| Numb | NorSMB | 31:42 | Den helvti som kom på dei hine Israels-sønerne, og som Moses hadde skift ifrå hermennerne, | |
| Numb | NorSMB | 31:43 | den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter, | |
| Numb | NorSMB | 31:47 | Av denne helvti - den som fall på Israels-sønerne - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe, og gav deim til levitarne som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt med honom. | |
| Numb | NorSMB | 31:48 | So gjekk hovdingarne yver herflokkarne, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses | |
| Numb | NorSMB | 31:49 | og sagde til honom: «Me hev teke tal på stridsmennerne som me hadde under oss, og det vantar ikkje ein mann. | |
| Numb | NorSMB | 31:50 | Difor kjem me no kvar med det gullet me hev vunne: armringar og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera ei gåva til Herren og ein løysepening for livet vårt.» | |
| Numb | NorSMB | 31:51 | Og Moses og Eleazar, øvstepresten, tok imot gullet dei kom med; alt saman var det fint arbeidde ting. | |
| Numb | NorSMB | 31:52 | Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt elleve hundrad merker; det var gåva frå hovdingarne. | |