Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 75
Psal NorSMB 75:1  Til songmeisteren; «tyn ikkje»; ein salme av Asaf, ein song.
Psal NorSMB 75:2  Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under.
Psal NorSMB 75:3  For «eg vil gripa den fastsette tid, eg, med rettferd vil eg døma.
Psal NorSMB 75:4  Jordi og alle som bur der, kjem i røra, eg hev sett hennar stolpar fast.» Sela.
Psal NorSMB 75:5  Eg segjer til skrøytarane: «Skrøyt ikkje!» og til dei ugudlege: «Reis ikkje horn!
Psal NorSMB 75:6  Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!»
Psal NorSMB 75:7  For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki -
Psal NorSMB 75:8  men Gud er den som dømer, den eine nedrar han, hin høgrar han.
Psal NorSMB 75:9  For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.
Psal NorSMB 75:10  Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud. Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.