Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next
Chapter 7
John NorSMB 7:1  Sidan for Jesus kringum i Galilæa; han vilde ikkje ferdast kring i Judæa; for jødarne sat um og vilde drepa honom.
John NorSMB 7:2  So leid det fram til den jødiske høgtidi dei kallar lauvhyttehelgi.
John NorSMB 7:3  Då sagde brørne hans til honom: «Flytt herifrå, og far til Judæa, so læresveinarne dine og kann få sjå dei verki du gjer!
John NorSMB 7:4  For ingen som vil vera namnspurd, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, so syn deg fram for verdi!»
John NorSMB 7:5  For brørne hans trudde ikkje på honom, dei heller.
John NorSMB 7:6  Jesus svara: «Mi tid er endå ikkje komi; men for dykk er det allstødt lagleg tid.
John NorSMB 7:7  Verdi kann ikkje hata dykk; men meg hatar ho, for di eg vitnar um henne, at gjerningarne hennar er vonde.
John NorSMB 7:8  Far de upp til høgtidi! Eg fer ikkje upp til denne høgtidi; for mi tid er endå ikkje fullkomi.»
John NorSMB 7:9  Dette sagde han med deim, og vart verande i Galilæa.
John NorSMB 7:10  Men då brørne hans var farne upp til høgtidi, då for han og dit, ikkje berrsynt, men som i løynd.
John NorSMB 7:11  Jødarne leita no etter honom på høgtidi og sagde: «Kvar er han, denne mannen?»
John NorSMB 7:12  Og det vart mykje mulling um honom millom folket; sume sagde: «Det er ein god mann!» andre sagde: «Nei, han forvillar folket!»
John NorSMB 7:13  Men ingen tala fritt ut um honom; for dei var rædde jødarne.
John NorSMB 7:14  Då det alt leid midt uti høgtidi, gjekk Jesus upp i templet og lærde.
John NorSMB 7:15  Jødarne undra seg og sagde: «Kvar hev han lærdomen sin frå, som ikkje hev gjenge på nokon skule?»
John NorSMB 7:16  Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Mi læra er ’kje mi, men hans som sende meg.
John NorSMB 7:17  Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna um læra er frå Gud, eller um eg talar av meg sjølv.
John NorSMB 7:18  Den som talar av seg sjølv, søkjer si eigi æra; men den som søkjer æra åt den som hev sendt honom, er sannordig, og det finst ikkje urett i honom.
John NorSMB 7:19  Hev ’kje Moses gjeve dykk lovi? og ingen av dykk held lovi. Kvi tenkjer de på å drepa meg?»
John NorSMB 7:20  «Du er forgjord!» svara folket, «kven tenkjer på å drepa deg?»
John NorSMB 7:21  Jesus svara deim: «Eg gjorde eitt verk, som de alle undrar dykk yver.
John NorSMB 7:22  Moses hev gjeve dykk umskjeringi - ja, ho er no ikkje frå Moses, men frå federne - og de umskjer eit menneskje på kviledagen.
John NorSMB 7:23  Når no eit menneskje fær umskjeringi på kviledagen, so ikkje lovi åt Moses skal brjotast, er de då harme på meg for di eg gjorde eit heilt menneskje godt att på ein kviledag?
John NorSMB 7:24  Døm ikkje etter det som er utvendes, men lat domen dykkar vera rettferdig!»
John NorSMB 7:25  Det var nokre av Jerusalems-buarne som sagde: «Er ’kje dette den mannen som dei tenkjer på å drepa?
John NorSMB 7:26  og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til honom! Skulde dei styrande retteleg ha skyna at han er Messias?
John NorSMB 7:27  Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.»
John NorSMB 7:28  Difor ropa Jesus, med han lærde i templet: «Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i røyndi ein som hev sendt meg, ein som de ikkje kjenner;
John NorSMB 7:29  eg kjenner honom, for eg kjem ifrå honom, og det var han som sende meg.»
John NorSMB 7:30  Då vilde dei gripa honom; men ingen lagde hand på honom; for endå var ’kje tidi hans komi.
John NorSMB 7:31  Men mange av folket trudde på honom og sagde: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen hev gjort?»
John NorSMB 7:32  Farisæarane høyrde at folket mulla soleis um honom, og øvsteprestarne og farisæarane sende tenarar som skulde gripa honom.
John NorSMB 7:33  Då sagde Jesus: «Endå eit lite bil er eg hjå dykk, so gjeng eg til honom som hev sendt meg;
John NorSMB 7:34  de skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma.»
John NorSMB 7:35  So sagde jødarne seg imillom: «Kvar vil han fara av, sidan me ikkje skal finna honom? Tru han vil fara til deim som bur rundt ikring millom grækarane, og læra grækarane?
John NorSMB 7:36  Kva meinte han med dei ordi han sagde: «De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma?»»
John NorSMB 7:37  Den siste dagen, den største i høgtidi, stod Jesus og ropa ut: «Er det nokon som er tyrst, so lat honom koma til meg og drikka!
John NorSMB 7:38  Den som trur på meg, frå hans liv skal det, som Skrifti segjer, renna elvar med livande vatn.»
John NorSMB 7:39  Det sagde han um Anden som dei skulde få, dei som trudde på honom; for endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
John NorSMB 7:40  Sume bland folket sagde då dei høyrde dei ordi: «Dette er visst og sant profeten.»
John NorSMB 7:41  Andre sagde: «Det er Messias.» Men sume sagde: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilæa?
John NorSMB 7:42  Hev ikkje Skrifti sagt at Messias er av Davids ætt, og kjem frå Betlehem, den grendi som David åtte heime i?»
John NorSMB 7:43  Soleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld,
John NorSMB 7:44  og sume av deim var huga til å gripa honom, men ingen lagde hand på honom.
John NorSMB 7:45  Då tenararne kom attende, sagde øvsteprestarne og farisæarane til deim: «Kvi tok de honom ikkje med dykk?»
John NorSMB 7:46  Tenarane svara: «Aldri hev noko menneskje tala som honom!»
John NorSMB 7:47  Då sagde farisæarane: «Hev de og vorte dåra?
John NorSMB 7:48  Er det nokon av dei styrande som trur på honom, eller av farisæarane?
John NorSMB 7:49  Men denne mugen, som ikkje kjenner lovi, er forbanna.»
John NorSMB 7:50  Segjer Nikodemus, han som fyrr ein gong var komen til Jesus, og som høyrde til flokken deira:
John NorSMB 7:51  «Dømer lovi vår nokon mann, fyrr dei hev høyrt på honom og fenge vita kva han gjer?»
John NorSMB 7:52  «Er du og frå Galilæa, kann henda?» svara dei. «Granska etter, so fær du sjå at det aldri kjem nokon profet frå Galilæa!»