Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 57
Psal NorSMB 57:1  Til songmeisteren, etter «tyn ikkje»; av David, ein miktam, då han flydde for Saul inn i helleren.
Psal NorSMB 57:2  Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjæl, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd, til dess ulukka gjeng yver.
Psal NorSMB 57:3  Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.
Psal NorSMB 57:4  Han vil senda frå himmelen og hjelpa meg, når han som vil sluka meg, spottar. Sela. Gud vil senda si miskunn og sin truskap.
Psal NorSMB 57:5  Mi sjæl er millom løvor, eg må liggja millom deim som spruter eld, millom menneskjeborn som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.
Psal NorSMB 57:6  Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
Psal NorSMB 57:7  Dei set garn for mine stig, mi sjæl er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela.
Psal NorSMB 57:8  Mitt hjarta er rolegt, Gud, mitt hjarta er rolegt, eg vil syngja og lovsyngja.
Psal NorSMB 57:9  Vakna, mi æra! Vakna, harpa og cither! Eg vil vekkja morgonroden.
Psal NorSMB 57:10  Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
Psal NorSMB 57:11  For di miskunn er stor til himmelen, og din truskap til dei høge skyer. Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!