Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 58
Psal NorSMB 58:1  Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David, ein miktam.
Psal NorSMB 58:2  Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn?
Psal NorSMB 58:3  Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender.
Psal NorSMB 58:4  Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfang, ljugarane fer vilt alt frå morsliv.
Psal NorSMB 58:5  Eiter hev dei som orme-eiter, dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til,
Psal NorSMB 58:6  so han ikkje høyrer på røysti åt tauvrekallen, han som vel kann trolla.
Psal NorSMB 58:7  Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor!
Psal NorSMB 58:8  Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd!
Psal NorSMB 58:9  Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli.
Psal NorSMB 58:10  Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn.
Psal NorSMB 58:11  Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege. Og folk skal segja: «Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.»