Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 63
Psal NorSMB 63:1  Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.
Psal NorSMB 63:2  Gud, du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjæl tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmagt utan vatn.
Psal NorSMB 63:3  Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra.
Psal NorSMB 63:4  For di miskunn er betre enn livet, mine lippor skal prisa deg.
Psal NorSMB 63:5  Soleis vil eg lova deg so lenge eg liver, i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.
Psal NorSMB 63:6  Som av merg og feitt skal mi sjæl verta mett, og med lovsyngjande lippor skal min munn prisa deg.
Psal NorSMB 63:7  Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevakterne.
Psal NorSMB 63:8  For du hev vore hjelp for meg, i skuggen av dine vengjer kann eg fegnast.
Psal NorSMB 63:9  Mi sjæl heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.
Psal NorSMB 63:10  Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.
Psal NorSMB 63:11  Dei skal verta yvergjevne til sverdmagt, verta til ran for revar. Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved honom, skal prisa seg sæl, for ljugararne skal verta målbundne.