Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 30
Psal NorSMB 30:1  Ein salme, ein song då huset vart vigt av David.
Psal NorSMB 30:2  Høgt vil eg lova deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.
Psal NorSMB 30:3  Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.
Psal NorSMB 30:4  Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi.
Psal NorSMB 30:5  Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!
Psal NorSMB 30:6  For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men til morgons vert det gledesong.
Psal NorSMB 30:7  Men eg sagde i min tryggleik: «Eg skal ikkje verta rikka i all æva.»
Psal NorSMB 30:8  Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.
Psal NorSMB 30:9  Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg inderleg:
Psal NorSMB 30:10  «Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann mold prisa deg, forkynna din truskap?
Psal NorSMB 30:11  Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!»
Psal NorSMB 30:12  Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda, so mi æra kann lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre, min Gud, eg vil æveleg prisa deg.