Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 62
Psal NorSMB 62:1  Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David.
Psal NorSMB 62:2  Einast hjå Gud er mi sjæl still, frå honom kjem mi frelsa.
Psal NorSMB 62:3  Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.
Psal NorSMB 62:4  Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg?
Psal NorSMB 62:5  Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.
Psal NorSMB 62:6  Einast hjå Gud ver still, mi sjæl, for frå honom kjem mi von.
Psal NorSMB 62:7  Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.
Psal NorSMB 62:8  Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.
Psal NorSMB 62:9  Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.
Psal NorSMB 62:10  Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman.
Psal NorSMB 62:11  Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det!
Psal NorSMB 62:12  Ein gong hev Gud sagt, tvo gonger hev eg høyrt dette, at styrke høyrer Gud til. Og hjå deg, Herre, er miskunn, for du gjev kvar ein etter hans gjerning.