Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 140
Psal NorSMB 140:2  Herre, fria meg ut frå vonde folk, vara meg ifrå valdsmenner
Psal NorSMB 140:3  som tenkjer vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!
Psal NorSMB 140:4  Dei kvesser tunga si som ein orm, orme-eiter er under lipporne deira. Sela.
Psal NorSMB 140:5  Vakta meg, Herre, for henderne til dei ugudlege, vara meg ifrå valdsmenner, som tenkjest til å få mine fet til fall.
Psal NorSMB 140:6  Dei ovmodige gøymer snara til meg og reip, dei strekkjer garn ved vegen, gildror set dei snaror for meg. Sela.
Psal NorSMB 140:7  Eg segjer til Herren: «Min Gud er du.» Lyd, Herre, på mi bønerøyst!
Psal NorSMB 140:8  Herre, Herre, du mi sterke frelsa, du vernar mitt hovud på væpningsdagen.
Psal NorSMB 140:9  Herre, lat ikkje den ugudlege få si lyst, lat ikkje hans vonde råd få framgang! Dei vilde elles upphøgja seg. Sela.
Psal NorSMB 140:10  Yver hovudet på deim som kringset meg, skal den ulukka falla som deira lippor valdar.
Psal NorSMB 140:11  Brennande kol skal ein rista ned yver deim, i elden skal han kasta deim, i djupe vatn, so dei ikkje kann koma upp.
Psal NorSMB 140:12  Ein munnkåt mann skal ikkje trygt på jordi, den vonde valdsmann skal dei jaga til han sturtar.
Psal NorSMB 140:13  Eg veit at Herren skal greida saki for armingen, og retten for dei fatige. Ja, dei rettferdige skal prisa namnet ditt, dei ærlege skal bu for di åsyn.