Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 56
Psal NorSMB 56:1  Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat.
Psal NorSMB 56:2  Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.
Psal NorSMB 56:3  Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.
Psal NorSMB 56:4  Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.
Psal NorSMB 56:5  Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg?
Psal NorSMB 56:6  Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.
Psal NorSMB 56:7  Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt.
Psal NorSMB 56:8  Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!
Psal NorSMB 56:9  Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?
Psal NorSMB 56:10  Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.
Psal NorSMB 56:11  Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.
Psal NorSMB 56:12  Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann menneskje gjera meg?
Psal NorSMB 56:13  Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa deim ut med takkoffer til deg. For du hev berga mi sjæl frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Gud i ljoset åt dei livande.