Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 79
Psal NorSMB 79:1  Ein salme av Asaf. Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort ditt heilage tempel ureint, dei hev gjort Jerusalem til steinhaugar.
Psal NorSMB 79:2  Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr.
Psal NorSMB 79:3  Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda deim.
Psal NorSMB 79:4  Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring.
Psal NorSMB 79:5  Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld?
Psal NorSMB 79:6  Renn din harme ut yver heidningarne som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn!
Psal NorSMB 79:7  For dei hev ete upp Jakob, og hans bustad hev dei øydelagt.
Psal NorSMB 79:8  Kom ikkje i hug mot oss synderne åt våre forfeder, lat di miskunn snart koma imot oss, for me er svært utmødde!
Psal NorSMB 79:9  Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld! og frels oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld!
Psal NorSMB 79:10  Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er deira Gud?» Lat det for våre augo verta kjent millom heidningarne, at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar!
Psal NorSMB 79:11  Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! So sterk som armen din er, spar daudens born!
Psal NorSMB 79:12  Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre!
Psal NorSMB 79:13  Og me, ditt folk og den hjord du beiter, me vil lova deg æveleg, frå ætt til ætt vil me kunngjera din pris.