Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 148
Psal NorSMB 148:1  Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova honom i det høge!
Psal NorSMB 148:2  Lova honom, alle hans englar, lova honom, all hans her!
Psal NorSMB 148:3  Lova honom, sol og måne, lova honom, alle lysande stjernor!
Psal NorSMB 148:4  Lova honom, de himle-himlar, og de vatn ovanfor himlarne!
Psal NorSMB 148:5  Dei skal lova Herrens namn, for han baud, og dei vart skapte,
Psal NorSMB 148:6  og han stelte deim upp for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen bryt.
Psal NorSMB 148:7  Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup,
Psal NorSMB 148:8  Eld og hagl, snø og eim, du storm som set hans ord i verk,
Psal NorSMB 148:9  de fjell og alle haugar, aldetre og alle cedrar,
Psal NorSMB 148:10  de ville dyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar;
Psal NorSMB 148:11  de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi,
Psal NorSMB 148:13  Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel,
Psal NorSMB 148:14  og han hev lyft upp eit horn for sitt folk, til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er honom nær. Halleluja!