Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 19
Psal NorSMB 19:2  Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.
Psal NorSMB 19:3  Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.
Psal NorSMB 19:4  Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd.
Psal NorSMB 19:5  Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim.
Psal NorSMB 19:6  Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.
Psal NorSMB 19:7  Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite.
Psal NorSMB 19:8  Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.
Psal NorSMB 19:9  Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.
Psal NorSMB 19:10  Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman.
Psal NorSMB 19:11  Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne.
Psal NorSMB 19:12  Din tenar vert ogso åmint ved deim; når ein held deim, er det stor løn.
Psal NorSMB 19:13  Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!
Psal NorSMB 19:14  Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning. Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!