Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 38
Job NorSMB 38:2  «Kven er det som gjer rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn?
Job NorSMB 38:3  Spenn som ein mann ditt belte på, gjev meg på mine spursmål svar.
Job NorSMB 38:4  Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, i fall du greida hev!
Job NorSMB 38:5  Kven sette måli - veit du det? - Og spana målsnor yver henne?
Job NorSMB 38:6  Kvar vart pelaran’ sette ned? Kven la vel hennar hyrnestein,
Job NorSMB 38:7  med alle morgonstjernor kvad, gudssønerne av gleda song?
Job NorSMB 38:8  Kven stengde havet inn med dører, då det braut ut or moderfang?
Job NorSMB 38:9  Då eg det skyer gav til klæde og myrkeskodd til sveip åt det
Job NorSMB 38:10  då eg for det ei grensa sette og trygga ho med port og bom
Job NorSMB 38:11  og sagde: «Hit og ikkje lenger! Di byrge bylgja stogge her!»
Job NorSMB 38:12  Baud du vel dagsprett nokon gong? Gav du morgonroden stad,
Job NorSMB 38:13  so femner kringum ytste jordi, so syndaran’ vart riste av?
Job NorSMB 38:14  Då tek ho form som leir for segl, og all stend greinlegt som ein klædnad.
Job NorSMB 38:15  Då misser gudlause sitt ljos, den arm som lyfte seg, vert knekt.
Job NorSMB 38:16  Kom du til havsens kjeldor fram, hev du på avgrunns-botnen gjenge?
Job NorSMB 38:17  Hev daude-portarn’ vist seg for deg? Ja, såg du daudeskuggens portar?
Job NorSMB 38:18  Og hev du vel jordviddi set? Kjenner du alt i hop, seg fram!
Job NorSMB 38:19  Kvar finn ein veg dit ljoset bur? Og kvar hev myrkret heimen sin?
Job NorSMB 38:20  So du kann henta deim til grensa og vita veg til deira hus.
Job NorSMB 38:21  Du veit det, du vart fødd den gong, og dagetalet ditt er stort.
Job NorSMB 38:22  Kom du dit snøen uppspard ligg? Og såg du forrådshus for haglet,
Job NorSMB 38:23  som eg til trengsle-tidi gøymer, til dagarne med kamp og krig?
Job NorSMB 38:24  Kva veg tru ljoset deiler seg, austanvinden spreider seg på jordi?
Job NorSMB 38:25  Kven laga renna vel for regnet og brøytte veg for torestrålen,
Job NorSMB 38:26  so væta kjem til aude land, til øydemark der ingen bur,
Job NorSMB 38:27  til kveikjing for den nakne heid, so gras kann gro der fyrr var bert?
Job NorSMB 38:28  Skal tru um regnet hev ein far? Kven avlar vel doggdroparne?
Job NorSMB 38:29  Kva moderliv kom isen or? Kven avla rim i himmelrømd,
Job NorSMB 38:30  når vatnet hardnar liksom stein, når havflata stivnar til?
Job NorSMB 38:31  Bind du vel bandet um Sjustjerna? Løyser du lekkjet av Orion?
Job NorSMB 38:32  Set du rett tid for dyreringen? Og driv du Bjørnen og hans ungar?
Job NorSMB 38:33  Kjenner du himmelleverne? Gav du han yver jordi magt?
Job NorSMB 38:34  Kann røysti di til skyi nå, so vatnet fløymer yver deg?
Job NorSMB 38:35  Byd du vel ljoni fara ut, so dei deg svarar: «Her er me?»
Job NorSMB 38:36  Kven la i myrke skyer visdom? Kven gav forstand til hildringi?
Job NorSMB 38:37  Kven tel med visdom skyerne? Kven tømer himmelfati ut,
Job NorSMB 38:38  når turre mold vert samanrend, jordklumpar kleimer seg i hop?