Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOEL
Up
1 2 3
Chapter 1
Joel NorSMB 1:2  Gjev gaum åt dette, de som gamle er. Og lyd på det kvar som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid, eller i dykkar fedra-tid?
Joel NorSMB 1:3  Fortel det til dykkar born, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem!
Joel NorSMB 1:4  Det som gnagaren leivde, åt grashoppen upp. Det som grashoppen leivde, åt bitaren upp. Det som bitaren leivde, åt etaren upp.
Joel NorSMB 1:5  Vakna, de drukne, og gråte, jamra, vindrikkarar alle! For druvesafti er rivi dykk frå munn.
Joel NorSMB 1:6  Eit folk hev fare yver landet mitt, veldugt og utan tal, med tenner som løvetenner, dei jakslar som løvor hev.
Joel NorSMB 1:7  Vintrei mine er tynte og fiketre brotne ned, dei hev flekt deim reint og hivt deim, det heng kvite greiner på.
Joel NorSMB 1:8  Klaga som ei møy som syrgjeklædd gjeng yver sin ungdoms brudgom.
Joel NorSMB 1:9  Grjon- og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus, prestarne syrgjer, Herrens tenarar.
Joel NorSMB 1:10  Åkrar er øydde, jordi jamrar. For øydt er kornet, vinsafti magtlaus, oljen er kvorven.
Joel NorSMB 1:11  Bonden er magtstolen, vindyrkar rådlaus for kveite og bygg, grøda på marki er tynt.
Joel NorSMB 1:12  Vintre er mergstolne, fiketre folna. Granattre og palma og apall, alle tre hev turka burt. Ja, fagnaden er stolen frå mannaheim.
Joel NorSMB 1:13  Syrgjeklædde klage, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og vake syrgjeklædde, de min Guds tenarar! For burte frå dykkar Guds hus er grjon- og drykkoffer.
Joel NorSMB 1:14  Lys ut fasta og heilag samling, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herren, dykkar Guds hus! Til Herren de ropa må.
Joel NorSMB 1:15  Å hå for ein dag! Nær er Herrens dag. Som vald ifrå Allvald han kjem.
Joel NorSMB 1:16  Strauk ikkje maten burt med me såg på, frå Guds hus gleda og frygd?
Joel NorSMB 1:17  Kornet turkar burt under jordskorpa. Tome er buri, lødorne øydest. Ja, kornet turkar burt.
Joel NorSMB 1:18  Kor buskapen rautar! Rådlaus er kvar bøling; for ikkje beite dei finn, sauerne jamvel lyt bøta.
Joel NorSMB 1:19  Til deg, Herre, ropar eg. For elden han åt hamni på heidi, og logen leika i ved og i tre.
Joel NorSMB 1:20  Jamvel dyri i marki etter deg mun stynja, for turre er bekkjefari. Og elden han åt hamni på heidi.
Chapter 2
Joel NorSMB 2:1  Lat luren ljoma på Sion! Skrik høgt på mitt heilage fjell! Skjelve, alle i mannaheimen! Koma skal Herrens dag, ja, han er nær.
Joel NorSMB 2:2  Ein dag med myrker og dimma, ein dag med skodda og sky, som ein morgongråe er eit tallaust folk breidt yver fjelli. Du liken aldri ser frå æva som var, og aldri i åri til komande ætter.
Joel NorSMB 2:3  Framfyre et elden upp; og etter kjem brennande logen. Som Edenshagen var landet framfyre og etterpå snaudaste heidi. Å berga noko nyttar ikkje her.
Joel NorSMB 2:4  Som øykjer er dei å sjå til, som stridshestar tråvar dei fram.
Joel NorSMB 2:5  Liksom glamrande vogner fer dei yver alle fjell. Det susar og brusar, som når eld sleikjer strå, som ei veldug herfylking samla til strid.
Joel NorSMB 2:6  Støkken tek folk ved syni, alle andlit skiftar lit.
Joel NorSMB 2:7  Som kjempor rusar dei i veg, liksom stridsmenner stormar dei murar. Kvar ein på si leid sturtar fram, og aldri dei krøkjer sin veg.
Joel NorSMB 2:8  Ingen trengjer den andre burt, kvar hev si eigi braut, tvert gjenom våpni, og ho brest ikkje rekkja.
Joel NorSMB 2:9  Inn i byen dei stormar, stig upp på muren, gjeng inn i husi, og inn gjenom vindaugo bryt dei seg som tjuvar.
Joel NorSMB 2:10  Jordi fyre deim skjelv, himlarne bivrar, sol og måne dei svartnar, medan stjernorne løyner sin glans.
Joel NorSMB 2:11  Og Herren let høyra sitt mål framfyre si fylking, for ovstor er hans herlæger, veldug hans ærendsvein er. Ja, stor er Herrens dag og skræmeleg, kven held honom ut?
Joel NorSMB 2:12  Men no og det gjeld, so mæler Herren, vend um til meg med heile dykkar hjarta, med fasta og gråt og med klaga.
Joel NorSMB 2:13  Riv sund dykkar hjarta og ei dykkar klæde, vend um til Herren dykkar Gud! For han er nådig og hugmild er han, hev tolugt sinn, er rik på miskunn, han angrar det vonde.
Joel NorSMB 2:14  Ja, kven veit? Han snur og angrar, og han legg etter seg velsigning, grjon- og drykkoffer for Herren, dykkar Gud.
Joel NorSMB 2:15  Blås i luren på Sion, haldt fastehelg, lys heilag samling!
Joel NorSMB 2:16  Samla folket! Vigsle lyden! Få i hop dei gamle, samla dei små, ja, borni på fanget! Brudgomen gange or sitt hus og bruri frå stova si!
Joel NorSMB 2:17  Millom forhall og altar skal dei gråta prestarne, Herrens tenarar, og segja: «Spar, Herre, folket ditt, og ikkje du gjere din eigen lyd til eit spottord, til eit ordtak millom folki! Kvi skal dei segja millom folki: «Kvar er deira Gud?»»
Joel NorSMB 2:18  Då gløddest Herren upp for sitt land, og han sparde sitt folk.
Joel NorSMB 2:19  Herren svara og tala til sitt folk: Sjå, eg vil senda til dykk både korn og saft og olje, so de kann mettast av det. Og ikkje vil eg gjera dykk meir til spott millom folki.
Joel NorSMB 2:20  Norderheren driv eg langt burt ifrå dykk. Eg skal støyta honom ut i eit turt og øyde land, hans fortropp til havet i aust, hans baktropp til havet i vest. Og vondt skal det dåma, ja ilt skal det tevja. For storverk hev han gjort.
Joel NorSMB 2:21  Ikkje ottast, du land, men gled deg og ver sæl! For storverk hev Herren gjort.
Joel NorSMB 2:22  Ikkje ottast, du fe på marki, for no grønast graset på heidi. Og trei ber frukt, fiketre, vintre gjev no si kraft.
Joel NorSMB 2:23  Og Sions søner, fagna og frygda dykk i Herren, dykkar Gud! For han gjev åt dykk læraren til rettferd; so sender han dykk haustregn og vårregn som fyrr.
Joel NorSMB 2:24  Og fyllast skal låvarne med korn, og persorne fløyma med vinsaft og olje.
Joel NorSMB 2:25  Og skadebot gjev eg for grøda som tyntest av grashoppen, bitaren, etaren, gnagaren, min store her, som eg sende imot dykk.
Joel NorSMB 2:26  Og de skal få nøgdi eta og mettast. Og då skal de lova namnet åt Herren dykkar Gud, han som hev underleg stelt med dykk, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.
Joel NorSMB 2:27  Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren, dykkar Gud, og ingen annan, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.
Chapter 3
Joel NorSMB 3:1  Og sidan henda det skal: Eg renner min ande yver alt kjøt. Dykkar søner og døtter skal tala profetord; dei gamle hjå dykk skal draumar drøyma, gutarne dykkar skal syner sjå.
Joel NorSMB 3:2  Ja, og yver trælar og trælekvende eg renner min ande i dagarne dei.
Joel NorSMB 3:3  Under eg gjer på himmel og på jord, blod og eld og kvervlande røyk.
Joel NorSMB 3:4  Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr han kjem, Herrens dag, den store og skræmelege.
Joel NorSMB 3:5  Men kvar ein som kallar på Herrens namn, bergast skal han. For på Sions fjell og i Jerusalem skal finnast ein flokk av frelste som Herren hev sagt, og til den utfria flokken høyrer dei som Herren kallar.
Joel NorSMB 3:6  For sjå, i dei dagarne og det bilet, då eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
Joel NorSMB 3:7  då vil eg samla alle folki og føra deim ned i Josafatsdalen og der halda dom yver deim for mitt folk og min eignalut Israel skuld, som dei spreidde millom folki, og mitt land hev dei bytt.
Joel NorSMB 3:8  Um mitt folk drog dei strå, gav ein gut for ei skjøkja, og ei gjenta selde dei for vin, og so drakk dei.
Joel NorSMB 3:9  Og kva vil det meg, Tyrus og Sidon og Filistar-bygder alle? Er det attergjeld mot meg det vil, eller vil de gjera meg eitkvart? Ovleg brått dykkar verk eg vender imot dykk sjølve,
Joel NorSMB 3:10  De som sylvet og gullet mitt tok, og eignaluter mine so fagre til dykkar tempel førde.
Joel NorSMB 3:11  Og Judas og Jerusalems søner de selde til Javans søner, til å førast so langt burt ifrå sitt land.
Joel NorSMB 3:12  Eg ropar deim fram att frå den staden der de hev selt deim. Dykkar verk eg vendar imot dykk sjølve.
Joel NorSMB 3:13  Eg skal dykkar søner og døtter til Juda-sønerne selja; derifrå skal dei til sabæarane gå, eit folk so langt undan. For Herren hev tala.
Joel NorSMB 3:14  Lat heidningar det høyra! Til herferd vigje dykk! Lat kjemporne koma! Gange fram! Stige fram alle herføre hausar!
Joel NorSMB 3:15  Smide plogarne til sverd og hage-knivarne til spjot! Vesaling segje: «Eg er kjempekar eg!»
Joel NorSMB 3:16  Skunda dykk og kome, heidningar alle ikring! Samle dykk i hop! Dit late du, Herre, dine kjempor stiga ned.
Joel NorSMB 3:17  Lat folki vakna og samlast i Josafatsdalen! For der eg domar sit yver alle folki ikring.
Joel NorSMB 3:18  Fram med sigden! No mognast kornet. Kome, trakke! No er persa full. Kjeraldi fløymer. Ovstor er vondska.
Joel NorSMB 3:19  Flokk på flokk i domsdalen. For Herrens dag er nær i domsdalen.
Joel NorSMB 3:20  Sol og måne dei svartnar, og stjernorne løyner sin glans.
Joel NorSMB 3:21  Og Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Og det bivrar både himmel og jord. Men Herren er ei livd for sitt folk og ei borg for Israels søner. Ja, kjenna skal de at eg er Herren, dykkar Gud, som bur på Sion, mitt heilage berg. Og Jerusalem skal ein heilagdom vera, frammandfolk der aldri meir stiga inn. Då skal på den dagen druvesafti drjupa av fjelli og mjølk frå haugarne strøyma, og alle bekkjer i Juda fløyma med vatn. Ei kjelda spring ut frå Herrens hus og vatnar Akaziedalen. Men Egypt skal øydeland verta, og Edom som ville heidi, for valdsverk mot Judas born. Dei hev øydt skuldlaust blod i sitt land. Men Juda skal sitja æveleg trygt, og Jerusalem frå ætt til ætt. Og eg vil hemner deira blod, som eg ikkje hemnde fyrr. Og Herren skal bu på Sion.