NUMBERS
Chapter 33
Numb | NorSMB | 33:1 | No skal eg nemna dei staderne der Israels-folket tok læger på ferdi si, då Moses og Aron førde flokkarne deira burt frå Egyptarland. | |
Numb | NorSMB | 33:2 | For kvar gong dei tok ut ifrå lægret, skreiv Moses upp kvar dei var, so som Herren hadde sagt med honom, og her er namni på lægerstaderne deira etter som dei for fram. | |
Numb | NorSMB | 33:3 | Femtande dagen i fyrste månaden tok Israels-sønerne ut frå Ra’amses, påskedagen for dei i veg med tråss i hugen, midt for augo på alle egyptarane; | |
Numb | NorSMB | 33:4 | egyptarane heldt då på og jorda alle sine frumborne, deim som Herren hadde slege i hel; for Herren hadde halde dom yver gudarne deira. | |
Numb | NorSMB | 33:7 | So tok dei ut frå Etam, men sidan snudde dei um, og tok vegen til Pi-Hakhirot, som ligg midt imot Ba’al-Sefon, og dei lægra seg framanfor Migdol. | |
Numb | NorSMB | 33:8 | So tok dei ut frå Pi-Hakhirot, og for tvert igjenom havet til øydemarki, og då dei hadde fare tri dagar i Etammarki, lægra dei seg i Mara. | |
Numb | NorSMB | 33:9 | So tok dei ut frå Mara, og kom til Elim. I Elim var det tolv vatskjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der. | |
Numb | NorSMB | 33:14 | So tok dei ut frå Alus, og lægra seg i Refidim; men der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka. | |
Numb | NorSMB | 33:38 | Og Aron, øvstepresten, gjekk upp på Horfjellet, som Herren hadde sagt med honom, og der døydde han i det fyrtiande året etter Israels-sønerne hadde teke ut frå Egyptarlandet, fyrste dagen i femte månaden. | |
Numb | NorSMB | 33:40 | Men den kananitiske kongen som budde i Arad, i sørluten av Kana’an, fekk høyra at Israels-sønerne kom; | |
Numb | NorSMB | 33:48 | So tok dei ut frå Abarimfjelli, og lægra seg på Moabmoarne ved Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko; | |
Numb | NorSMB | 33:49 | lægret deira låg langs med Jordan, og rakk frå Bet-ha-Jesjimot til Abel-hasj-sjittim på Moabmoarne. | |
Numb | NorSMB | 33:51 | «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og kjem til Kana’ans-landet, | |
Numb | NorSMB | 33:52 | so skal de driva ut deim som bur der i landet, og knasa alle bilætsteinarne deira, og slå sund alle gudelikjendi dei hev støypt seg, riva ned alle hovi. | |
Numb | NorSMB | 33:53 | De skal eigna til dykk landet, og setja dykk ned der; for dykk hev eg gjeve det landet til odel og eiga. | |
Numb | NorSMB | 33:54 | De skal skifta det millom dykk etter ætter, og draga strå um bygderne. Den som hev mykje folk, skal de gjeva mykje jord, og den som hev lite folk mindre. Kvar skal få den eigedomen som strået hans kjem ut med. Etter ætterne de høyrer til skal landet bytast millom dykk. | |
Numb | NorSMB | 33:55 | Men driv de deim ikkje ut, dei som no bur i landet, so skal dei som de sparer verta tornar i augo og broddar i sidorne dykkar, og dei skal plåga dykk i dykkar eige land. | |