Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 92
Psal NorSMB 92:2  Det er godt å prisa Herren, og å syngja ditt namn lov, du Høgste,
Psal NorSMB 92:3  å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um næterne,
Psal NorSMB 92:4  med tistrengs-cither og med harpa, med tankefullt spel på cither.
Psal NorSMB 92:5  For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort.
Psal NorSMB 92:6  Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.
Psal NorSMB 92:7  Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje.
Psal NorSMB 92:8  Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.
Psal NorSMB 92:10  For sjå dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde.
Psal NorSMB 92:11  Du lyfter upp mitt horn som hornet til villuksen, frisk olje er rent yver meg.
Psal NorSMB 92:12  Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg.
Psal NorSMB 92:13  Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa.
Psal NorSMB 92:14  Dei er planta i Herrens hus og skal grønka i Guds fyregardar.
Psal NorSMB 92:15  Endå i høg alder skyt dei friske renningar, dei er groande og grønkande til å forkynna at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i honom.