MARK
Chapter 14
Mark | NorSMB | 14:1 | No var det berre tvo dagar att til påske- og søtebrødhelgi. Og dei øvste prestarne og dei skriftlærde leita etter ei råd til å gripa Jesus med list og slå honom i hel. | |
Mark | NorSMB | 14:2 | «For på høgtidi torer me ikkje gjera det,» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup blant folket!» | |
Mark | NorSMB | 14:3 | Med Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, og sat til bords, kom det inn ei kvinna med ei alabaster-krukka full av egte, dyr nardesalve. Ho braut sund krukka og helte salven ut yver hovudet hans. | |
Mark | NorSMB | 14:4 | Då var det nokre som vart harme og sagde seg imillom: «Kva skulde den salve-øydingi vera til? | |
Mark | NorSMB | 14:5 | Salven kunde vore seld for yver femti dalar og gjeven til dei fatige.» Og dei tala kvast til henne. | |
Mark | NorSMB | 14:6 | Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Kvi er de so leide med henne? Det var vænt gjort det ho gjorde med meg. | |
Mark | NorSMB | 14:7 | Dei fatige hev de alltid hjå dykk, og når de vil, kann de gjera vel imot deim; men meg hev de ikkje alltid. | |
Mark | NorSMB | 14:9 | Og det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi evangeliet vert kunngjort, der skal dei og nemna det ho hev gjort, til minne um henne.» | |
Mark | NorSMB | 14:10 | Judas Iskariot, den eine av dei tolv, gjekk til dei øvste prestarne og baud seg til å gjeva Jesus i henderne deira. | |
Mark | NorSMB | 14:11 | Då dei høyrde det, vart dei glade, og lova dei skulde gjeva honom pengar, og sidan lurde han korleis han med tid og høve skulde få gjeve Jesus yver til deim. | |
Mark | NorSMB | 14:12 | Den fyrste dagen i søtebrødhelgi - då påskelambet vart slagta - sagde læresveinarne med Jesus: «Kvar vil du me skal ganga av og laga til påskemålet for deg?» | |
Mark | NorSMB | 14:13 | Då sende han tvo av læresveinarne i veg, og sagde til deim: «Gakk inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukka med vatn; honom skal de fylgja, | |
Mark | NorSMB | 14:14 | og der han gjeng inn, skal de segja med husbonden: «Meisteren helsar: Kvar er romet mitt, der eg kann eta påskemålet med læresveinarne mine?» | |
Mark | NorSMB | 14:15 | Då syner han dykk ein stor sal, som stend ferdig med duka bord; der skal de stella til måltidi for oss.» | |
Mark | NorSMB | 14:16 | So gjekk læresveinarne av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det so som han hadde sagt, og dei laga til påskelambet. | |
Mark | NorSMB | 14:18 | og då dei hadde sett seg til bords, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.» | |
Mark | NorSMB | 14:21 | Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som veld at Menneskjesonen vert gjeven i fiendehand! Best for den mannen um han aldri var fødd!» | |
Mark | NorSMB | 14:22 | Med dei sat til bords, tok han brødet, signa det og braut det, og gav deim og sagde: «Tak det! Dette er likamen min.» | |
Mark | NorSMB | 14:25 | Det segjer eg dykk for sant: Eg skal ikkje oftare drikka av druvesafti, fyrr den dagen kjem då eg drikk henne ny i Guds rike.» | |
Mark | NorSMB | 14:27 | Og Jesus sagde: «De kjem alle til å styggjast ved meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og sauern’ skal spreidast ikring.» | |
Mark | NorSMB | 14:30 | «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «No i denne natt, fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger.» | |
Mark | NorSMB | 14:31 | Men han tok endå sterkare i og sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg ikkje avneitta deg!» Det same sagde dei alle. | |
Mark | NorSMB | 14:32 | So kom dei til ein stad som heiter Getsemane. Då segjer han til læresveinarne sine: «Sit her med eg bed!» | |
Mark | NorSMB | 14:34 | Og han sagde til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak!» | |
Mark | NorSMB | 14:35 | So gjekk han eit lite stykke fram og kasta seg ned på jordi, og bad at denne stundi måtte skrida framum honom, um det var råd. | |
Mark | NorSMB | 14:36 | «Abba» - Fader - sagde han, «alt er mogelegt for deg; tak denne skåli frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» | |
Mark | NorSMB | 14:37 | Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna. Då sagde han til Peter: «Simon, søv du? Var du ’kje god til å vaka ein time? | |
Mark | NorSMB | 14:38 | Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.» | |
Mark | NorSMB | 14:40 | Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. Og dei visste ikkje kva dei skulde svara honom. | |
Mark | NorSMB | 14:41 | So kom han tridje gongen, og sagde til deim: «De søv og kviler, de! Det er nok! Timen er komen. No skal Menneskjesonen gjevast i henderne på syndarar. | |
Mark | NorSMB | 14:43 | Og straks - fyrr han hadde tala ut, kjem Judas, ein av dei tolv, og med honom ein flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne. | |
Mark | NorSMB | 14:44 | Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Den som eg kysser, han er det: tak honom, og før honom trygt burt!» | |
Mark | NorSMB | 14:45 | Og med det same han kom, gjekk han fram til honom og sagde: «Rabbi!» og kysste honom. | |
Mark | NorSMB | 14:47 | Men ein av deim som stod innmed, drog sverdet sitt og hogg øyra av tenaren åt øvstepresten. | |
Mark | NorSMB | 14:48 | Og Jesus tok til ords og sagde: «De kjem med sverd og stavar og tek meg, som eg skulde vera ein røvar. | |
Mark | NorSMB | 14:49 | Dag etter dag var eg hjå dykk i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. Men soleis laut skrifterne sannast.» | |
Mark | NorSMB | 14:51 | Ein ung mann fylgde etter honom, og hadde sveipt eit linklæde kring berre kroppen; dei vilde taka honom, | |
Mark | NorSMB | 14:53 | Dei førde Jesus til øvstepresten, og der samla dei seg alle dei øvste prestarne og styresmennerne og dei skriftlærde. | |
Mark | NorSMB | 14:54 | Peter fylgde eit langt stykke etter, til han kom inn i garden åt øvstepresten; der vart han sitjande hjå tenarane og vermde seg ved elden. | |
Mark | NorSMB | 14:55 | Dei øvste prestarne og heile det Høge Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet; men dei fekk ’kje noko på honom. | |
Mark | NorSMB | 14:58 | «Me høyrde honom segja: «Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tri dagar skal eg byggja eit anna som ikkje er gjort med hender.»» | |
Mark | NorSMB | 14:60 | Og øvstepresten reiste seg og steig fram ibland deim og sagde til Jesus: «Svarar du inkje på det som desse vitnar imot deg?» | |
Mark | NorSMB | 14:61 | Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Då tok øvstepresten til ords att og spurde honom: «Er du Messias, son åt den Høglova?» | |
Mark | NorSMB | 14:62 | «Ja, det er eg,» svara Jesus, «og de skal sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma med himmelskyerne.» | |
Mark | NorSMB | 14:64 | No høyrde de gudsspottingi! Kva tykkjer de?» Dei dømde alle at han var skuldig til å døy. | |
Mark | NorSMB | 14:65 | Og sume tok til å sputta på honom, og lagde eit plagg yver andlitet hans og slo honom med nevarne og sagde: «Seg kven det var!» Og tenarane tok imot honom med hogg. | |
Mark | NorSMB | 14:67 | og då ho såg Peter, som sat og vermde seg, stirde ho på honom og sagde: «Du var og med denne nasaræaren, Jesus!» | |
Mark | NorSMB | 14:68 | Men han neitta og sagde: «Eg veit ikkje og skynar ikkje kva du talar um.» So gjekk han ut i fyregarden. Då gol hanen. | |
Mark | NorSMB | 14:69 | Sidan fekk gjenta sjå honom att, og tok til å segja med deim som stod innmed: «Han der er ein av deim!» | |
Mark | NorSMB | 14:70 | Men han neitta på nytt lag. Eit lite bel etter sagde dei som stod der på nytt til Peter: «Ja menn er du ein av deim! Du er då ein galilæar!» | |