Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 10
Psal NorSMB 10:1  Herre, kvi stend du so langt undan, held deg løynd dei tider me er i trengd?
Psal NorSMB 10:2  Ved ovmodet hjå dei ugudlege illhugast den arme; lat deim vert fanga i dei meinråder dei hev tenkt upp!
Psal NorSMB 10:3  For den ugudlege rosar det hans sjæl lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren.
Psal NorSMB 10:4  Den ugudlege set nosi høgt og segjer: «Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til!» det er alle hans tankar.
Psal NorSMB 10:5  Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå honom i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - deim blæs han åt.
Psal NorSMB 10:6  Han segjer i sitt hjarta: «Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.»
Psal NorSMB 10:7  Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka.
Psal NorSMB 10:8  Han ligg på lur ved gardarne, på løynlege stader myrder han den uskuldige, hans augo spæjar etter den verjelause.
Psal NorSMB 10:9  Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg honom i sitt garn.
Psal NorSMB 10:10  Han luter seg, duvar seg ned, og dei verjelause fell for hans sterke klør.
Psal NorSMB 10:11  Han segjer i sitt hjarta: «Gud hev gløymt det, han hev løynt sitt andlit, han ser det aldri.»
Psal NorSMB 10:12  Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme!
Psal NorSMB 10:13  Kvi skal den ugudlege vanvyrda Gud og segja i sitt hjarta: «Du heimsøkjer ikkje?»
Psal NorSMB 10:14  Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja deim i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause.
Psal NorSMB 10:15  Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn honom meir!
Psal NorSMB 10:16  Herren er konge æveleg og alltid heidningarne er øydde ut or hans land.
Psal NorSMB 10:17  Herre, du hev høyrt ynskjet frå dei arme, du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til,
Psal NorSMB 10:18  so du gjev den farlause og nedtyngde sin rett. Ikkje lenger skal menneskjet som er av jordi halda fram med å skræma.