Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 81
Psal NorSMB 81:2  Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
Psal NorSMB 81:3  Set i med song, og lat trumma høyrast, den væne cither med harpa!
Psal NorSMB 81:4  Blås i lur ved nymåne, ved fullmåne på vår høgtidsdag!
Psal NorSMB 81:5  For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
Psal NorSMB 81:6  Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:
Psal NorSMB 81:7  «Eg løyste hans oksl frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
Psal NorSMB 81:8  I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela.
Psal NorSMB 81:9  Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg!
Psal NorSMB 81:10  Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
Psal NorSMB 81:11  Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom!
Psal NorSMB 81:12  Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
Psal NorSMB 81:13  So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.
Psal NorSMB 81:14  Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde vandra på mine vegar!
Psal NorSMB 81:15  Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar.
Psal NorSMB 81:16  Dei som hatar Herren, skulde høla honom, og deira tid skulde vara æveleg. Og eg skulde føda honom med den beste kveite, og frå berget skulde eg metta deg med honning.»