Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 59
Psal NorSMB 59:1  Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David; ein miktam, då Saul sende folk som gjætte på huset og vilde drepa honom.
Psal NorSMB 59:2  Frels meg frå mine fiendar, min Gud, berga meg frå deim som stend upp imot meg!
Psal NorSMB 59:3  Frels meg frå deim som gjer urett, og berga meg frå blodgiruge menner!
Psal NorSMB 59:4  For sjå, dei ligg på lur etter mi sjæl, sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan mi misgjerd og utan mi synd.
Psal NorSMB 59:5  Utan mi skuld renner dei fram og gjer seg ferdige. Vakna og møt meg, og sjå!
Psal NorSMB 59:6  Ja du, Herre, allhers drott, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela.
Psal NorSMB 59:7  Dei kjem att um kvelden, dei hyler som hundar og renner kring i byen.
Psal NorSMB 59:8  Sjå, dei let det gøysa ut or munnen sin, der er sverd i deira lippor, for: «Kven høyrer?»
Psal NorSMB 59:9  Men du, Herre, lær åt deim, du spottar alle heidningar.
Psal NorSMB 59:10  Mot hans magt vil eg venta på deg, for Gud er mi borg.
Psal NorSMB 59:11  Min Gud vil møta meg med si nåde, Gud vil lata meg sjå med lyst på deim som lurer på meg.
Psal NorSMB 59:12  Drep deim ikkje, at ikkje mitt folk skal gløyma det! Driv deim ikring ved di magt og støyt deim ned, du Herre, vår skjold!
Psal NorSMB 59:13  Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat deim so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar!
Psal NorSMB 59:14  Gjer ende på deim i vreide, gjer ende på deim, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at Gud er Herre i Jakob, alt til endarne av jordi! Sela.
Psal NorSMB 59:15  Og dei kjem att um kvelden, hyler som hundar og renner kring i byen.
Psal NorSMB 59:16  Dei flakkar um etter mat, vert dei ikkje mette, nattar dei yver.
Psal NorSMB 59:17  Men eg vil syngja um di magt og um morgonen lovsyngja di miskunn; for du er mi borg og mi livd den dag eg er i naud. Min styrke! for deg vil eg syngja; for Gud er mi borg, min miskunnsame Gud.